Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Tennø er innstilt som ny leiar

 (11.03.2013)

Marit Aakre Tennø (36) er innstilt som ny leiar i Noregs Mållag. Ho er i dag norskfagskonsulent i Noregs Mållag.

Marit Aakre Tennø. (Foto: Oddmund Hoel)

– Nynorsk er eit vitalt språk som dominerer i dagleg bruk i mange hundre norske lokalsamfunn. Men nynorsken har dei same problema som andre språk i minoritetsposisjon, seier Marit Aakre Tennø. Noregs Mållag trengst til å gå føre i det daglege arbeidet for å få fleirtalet til å ta eit rimeleg omsyn til mindretalet som brukar nynorsk.

– Dette handlar om å gje det nynorske språksamfunnet rammer for å utvikle seg. Det er særs viktig at det offentlege då går føre og forsvarar og styrkjer to av dei aller viktigaste ordningane som sikrar nynorsksamfunnet: sidemålet og mållova, seier Marit Aakre Tennø.
– Dette er ordningar som er heilt avgjerande for å sikre dei nynorske lokalsamfunna den språkkompetansen dei treng og sikre nynorskbrukarane dei mest grunnleggjande språkrettane. Dette er òg særs viktig for å ta vare på den nynorske skriftkulturen som ein del av den felles norske kulturarven.

Marit Aakre Tennø bur i Jostedalen i Sogn. Ho sit i formannskapet og kommunestyret i Luster for Senterpartiet og har dei siste åra arbeidd mykje med bygdeutvikling.

Sigbjørn Hjelmbrekke (33) frå Bø i Telemark er innstilt som nestleiar. Desse er innstilt til styret: Janne Nygård, attval (Oslo / Jølster), Terje Kjøde attval (Ørsta), Sveinung Rotevatn, ikkje på val (Oslo / Eid) og Helga Hjetland, ikkje på val (Kyrkjebø).

Ny fast møtande 1. vara er Ingrid Fiskaa (Oslo), lektor på Hellerud vgs, sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad).

Håvard B. Øvregård som har vore leiar i fire år, har sagt ifrå seg attval. Innstillinga frå valnemnda er samrøystes. Det blir landsmøte i Noregs Mållag 19.-21. april i Ørsta.


For meir informasjon:
Åsmund Lien, leiar i valnemnda, 922 23 584
Marit Aakre Tennø, leiarkandidat, 454 71 716
Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiarkandidat, 950 68 557

Klikk her for stort pressebilete av Marit Aakre Tennø. (Foto: Oddmund Hoel)






Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no