Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klart for Dokfilm

 (20.03.2013)


For 17. gong blir det dokumentarfilmfestival i Volda.
- Det vert laga mykje spanande film i Noreg, og me lover over 30 gode norske filmar og over 20 studentfilmar, seier festivalleiar Thorvald Nilsen.

Dokfilm er den største og eldste festivalen for dokumentarfilm i Noreg. Festivalen er driven av studentar med god hjelp frå lokale krefter.

– Det spesielle med Dokfilm er at festivalen er idealistisk. Utan engasjerte studentar hadde det ikkje blitt nokon festival, verken i 1997 eller no i 2013. Me er stolte av engasjementet frå studentane og dei som bur her, seier festivalleiar Thorvald Nilsen.

- I år held vi med fram med fokuset på norsk dokumentarfilm. Det vert laga mykje spanande film i Noreg, og me lover over 30 gode norske filmar og over 20 like gode studentfilmar. Programmet kjem like over påske, fortel Nilsen.

Mellom flotte fjell og vakker natur kjem filmskaparar og publikum kvar vår for å sjå dokumentarfilm og for å bli inspirerte av kvarandre sitt arbeid. Under festivalen skjer det ting i heile bygda og det skal vere noko som passer for alle. Festivalen har filmar for born, det blir folkefest, radiodokumentar og mykje meir. Tre prisar skal delast ut under festivalen: beste dokumentar, beste studentproduksjon og publikumsprisen. Alle vinnarane får den tradisjonelle flueprisen.

I tillegg blir det ei pitchetevling der kvar filmskapar kan kome og presentere filmidear for ein jury med representantar frå både Tv2 og NRK. Filmskaparane har moglegheit til å vinne støtte til filmprosjekta sine.
– Dette er noko vi gler oss stort til og håper på å få presentert mange spanande prosjekt, seier Nilsen.

Les meir

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no