Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Twitter-tevlinga i gang

 (20.03.2013)



«Twitter er for alle og kan romme alt. Det rare er at 140 teikn ofte er for mykje, til alt.» Det seier Per Roger Sandvik, aktiv twitrar og medlem i juryen for twitter-tevlinga ’Nynorsk i 140!’ som no er i gang.

Tevlinga blir arrangert av Deichmanske bibliotek i Oslo i samband med Språkåret 2013, og skal gå eit heilt år, med seks ulike tevlingar. Sandvik sit i juryen saman med forfattarane Kristine Tofte og Vidar Kvalshaug, samt to representantar frå biblioteket. Forventningane til juryen er høge:

- Eg trur vi kjem til å få inn mange tusen bidrag, og at kampen blir kvass og med overraskande slagkraft. Som ei god twitternovelle. Når året er omme har twitterfolket saman skapt ei omfattande nynorsk novellesamling, og nye forfattarskap er kveikte. #nynov er sanntidslitteratur, seier Per Roger Sandvik, som sjølv twitrar under aliaset @SvevePer.

Tevlinga er open for alle. Alt ein treng å gjere er å oppretta ein Twitter-konto, skrive ei twitter-melding som inneheld emneknaggen #nynov og halde seg til det utvalde tema. Tema for første tevling er «vår», og bidraga må vere leverte innan 3. april. Meldingane kjem opp som ein twitterstraum på skjermar på Deichmans avdelingar på Grünerløkka, Bøler og Hovudbiblioteket. Deichmanske bibliotek oppfordrar òg andre bibliotek i Noreg til å henge seg på.

I juryen:
- Forfattar Kristine Tofte (@kristinetofte)
- Forfattar og kritikar Vidar Kvalshaug (@Kvalshaug)
- Frå Deichmanske bibliotek: Per Roger Sandvik (@SvevePer), Oddvar Thorsen (@oddvarthorsen) og Cathrine Strøm (@cathrine_s)

Sjå nettstad

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no