Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil du bli nynorskjounalist?

 (08.04.2013)

I Førde i Sogn og Fjordane er det no mogleg å søkje seg inn på to typar journalistopplæringsprogram på nynorsk. Nynorsk avissenter er retta mot avis og nett, medan Nynorsk mediesenter driv opplæring til radio, fjernsyn og nett. Søknadsfristen er 15. april.

Nynorsk avissenter skal lære opp journalistar for avis og nett. Dei tek inn fire nynorskpraktikantar som skal byrje på opplæringa i august, nokre dagar før kull 19 startar hjå Nynorsk mediesenter. Desse to nynorsktiltaka skal samarbeide der det let seg gjere. I det heile vert det eit større miljø i Førde som driv med mykje det same, men Nynorsk avissenter arbeider med avis/nett og Nynorsk mediesenter med radio/fjernsyn/nett.

Arve Sandal er leiar for Nynorsk avissenter, som skal ha den største nynorske lokalavisa i landet, Firda, som base. Det er Amedia, Vinjefondet og Sparebankstiftinga i Sogn og Fjordane som står bak Nynorsk avissenter, medan NRK driv Nynorsk mediesenter.

Det er ingenting i vegen for at folk søkjer begge opplæringane. Nynorsk avissenter er staden for dei som vil bli nett- eller avisjournalistar, men kan og vere nyttig for dei som alt har byrja i ei lokalavis, men treng meir bakgrunn både fagleg og språkleg. Det er og meir staden for dei som skriv nynorsk, men som snakkar ei bokmålsnær dialekt.
NRK Nynorsk mediesenter er framleis retta inn på radio, fjernsyn og nett i opplæringa.

Vil du bli med på denne spennande utviklinga av nynorsk mediehistorie? Les meir hjå Nynorsk avissenter og Nynorsk mediesenter.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no