Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kari Bjørke heidra

 (10.04.2013)

Kari Bjørke fekk prisen for innsatsen ho har lagt ned i viktige verv i ulike nynorskinstitusjonar i over tjue år, mellom anna som første dagleg leiar i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

Bjørke saman med leiar i Juristmållaget, Gunnar O. Hæreid. (Foto: Juristmållaget)


Ho har også vore styreleiar i Nynorsk kultursentrum, i oppslagsverket Allkunne, i Litteraturselskapet Det Norske Samlaget og Stiftinga Det Norske Samlaget, og ikkje minst som leiar av Juristmållaget.

Årets målprisvinnar er fødd på Voss i 1961. Ho gjekk ut frå Voss gymnas i 1980, og var i 1987 ferdig utdanna jurist ved Universitetet i Bergen. Frå 1987 til 1993 var ho sakshandsamar i Kommunal- og arbeidsdepartementet. I 1993 vart ho tilsett som den første daglege leiaren i Landssamanslutninga av nynorskkommunar. Der arbeidde ho i fire år, før ho i 1997 byrja i Nærings- og handelsdepartementet. Ho har også arbeidd i to år frå 2008 som nasjonal ekspert ved Europakommisjonen i Brussel. No arbeider ho som seniorrådgjevar i Kunnskapsdepartementet.

Målprisvinnaren har hatt mange verv i ulike institusjonar som fremjar nynorsken. Ho var sekretær for Ivar Aasen-stiftinga, no Nynorsk kultursentrum, frå 1993 til 1997. Ho var deretter styremedlem i Nynorsk kultursentrum frå 1998 til 2006, dei fire siste åra som styreleiar. I Litteraturselskapet Det Norske Samlaget var ho styremedlem frå 2006 til 2008, og seinare styreleiar frå 2010 til 2012. Frå 2012 er ho styreleiar i Stiftinga Det Norske Samlaget.

Pressemelding Juristmållaget
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no