Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Bondestudentar

 (10.04.2013)

Fredag 26. april er det premiere på eit forteljarteaterstykke på Litteraturhuset i Bergen. Det vert eit møte mellom bondestudentane Daniel Braut og Liv Hatle. Ho har skrive ein ny med forteljing og attforteljing av Bondestudentar. Tre mållag står bak prosjektet og vonar førestillinga vil bli spelt gjennom Språkåret og Grunnlovsfeiringa i 2014.

Liv Hatle er fødd i jordbrukskommunen Fræna på Møre. I hennar oppvekst var barnearbeid framleis vanleg på gardane. Men ho fekk ta lærarutdanning i Volda og seinare teaterutdanning i England og Finland. Dei seinare åra har ho arbeidd med eigne monologar og omsetjing av finsk litteratur.

Arne Garborg sitt verk "Bondestudentar" er viktig både i språkspørsmålet og i utviklinga av ei demokrati- og likskapsideane som låg til grunn for Grunnloven. Liv Hatle si forteljing og attforteljing viser tydeleg kor sterkt dei klasse- og kulturkonfliktane som Garborg skriv om har prega norsk historie og kvardagsliv gjennom alle dei 130 åra som har gått sidan boka fyrste gong kom ut.

Dei tre mållaga er Bergen Mållag, Fana Mållag og Hordaland Mållag. Dei stiller med dugnadsarbeid for prosjektet, og tanken er at denne førestillinga skal kunne spelast ut etter heile landet.

Manus er skrive av Liv Hatle og ho er også forteljar. Scenografi / teknikk: Jan Holden. Regi: Arvid Ones

Les meir om dette spennade prosjektet på heimesidene for www.bondestudentar.no og er du i nærleiken av Bergen få med deg premieren på stykket på fredag 26. april på Litteraturhuset i Bergen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no