Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskjubel for NRK Super

 (13.04.2013)

NRK Super har nådd målet om 25 % nynorsk, og NRK samla har auka nynorskbruken til historiske høgder i 2012. Det viser NRKs årsrapport for 2012, til jubel frå ei samla målrørsle.

– Vi gler oss særleg over den enorme nynorskveksten i NRK Super. Sidan 2010 har dei nær tredobla nynorskdelen sin, seier Inger Størseth Haarr, nyvald leiar for Kringkastingsringen.

– NRK Super viser at det er fullt mogleg å nå kravet om 25 % nynorsk. Kanalen tek born si språkglede på alvor, og forstår at born tener på å møte meir – ikkje mindre – språk, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

– Språkmangfald på barne-TV er særs viktig. Å sjå og høyre meir nynorsk i ung alder, motverkar fordommar og gjer det lettare å lære nynorsk på skulen, seier Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom.

Nynorskleiarane håpar at NRK Super, saman med NRK2 (25 % nynorsk) og NRK P1 (30 % nynorsk), kan vere til inspirasjon for dei andre NRK-kanalane.

– Fem av åtte NRK-kanalar auka nynorskdelen sin i fjor, og dei tre siste heldt nivået frå 2011. Held denne utviklinga fram, kan NRK feire Språkåret 2013 med å nå målet om 25 % nynorsk i alle kanalar. Vi gler oss!, lyder den felles oppmodinga frå Haarr, Øvregård og Sture.

Meir informasjon:

-- Inger Størseth Haarr, leiar i Kringkastingsringen, 480 97 977 / ingerst@gmail.com
-- Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157 / havard.ovregard@nm.no
-- Vebjørn Sture, leiar i Norsk Målungdom, 924 16 527 / vebjorn@nynorsk.no

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no