Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Usikker framtid for Norsk Ordbok på nettet

 (13.04.2013)

Dei digitale utgåvene av Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok 2014 er veldig populære. I løpet av ein dag er det 61 000 søk på nynorskord og 120 000 søk på bokmålsord. I løpet av mars var det 6,5 millionar søk.

Det er i dag er større stab som er i ferd med å fullføre prosjektet Norsk Ordbok 2014. Men no er snart prosjektet over. I 2014 kjem siste bind av tolvbindsverket «Norsk Ordbok. Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet», og då tek også pengane slutt, skriv Klassekampen denne veka.

Då kan både arbeidet med å vedlikehalde Norsk Ordbok-sidene på nett og å handtere sjølve språksamlingane som ordbokarbeidet byggjer på, bli avslutta.

Hovedredaktør for Norsk Ordbok 201, Oddrun Grønvik, skriv i ein kronikk i Klassekampen at dette er absurd.
Hun hadde forventa at framtidsplanane for ordbokprosjektet ville kome på plass i løpet av Språkåret 2013, men forskingsmiljøet som er blitt bygget opp gjennom Norsk Ordbok har ei usikker framtid.

Les heile saka i Klassekampen.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no