Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Venstre-landsmøtet med godt nynorskvedtak

 (15.04.2013)

Landsmøtet i Venstre i helga gjorde eit godt nynorskvedtak. Med stort fleirtal avviste landsmøtet eit framlegg om valfritt sidemål.

Leiaren i Unge Venstre, Sveinung Rotevatn, var tydeleg på talarstolen om at Venstre bør vere eit solid nynorskparti. Han er også styremedlem i Noregs Mållag.

– I dette landet har vi to offisielle målformer. Det bør vere sjølvsagt at alle elevar lærer det norske språket i si fulle breidde, både bokmål og nynorsk. Ikkje minst er det viktig for mindretalet at dei kan bruke målforma si i møte med fleirtalet, sa Sveinung Rotevatn frå talarstolen. Les heile saka hjå NRK Sogn og Fjordane.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no