Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Landsmøte i Noregs Mållag i Ørsta

 (16.04.2013)

Noregs Mållag har landsmøte frå fredag 19.- sundag 21. april i Ørsta på Sunnmøre. Her kan dei 150 utsendingane juble for ny medlemsrekord, feire Språkåret og markere at det er 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Landsmøtet vil også drøfte utfordringane for nynorsken, og framlegget til endringar i norskfaget.

Noregs Mållag har auka medlemstalet med om lag 10 %. I 2012 vart det verva 2027 nye medlemer og medlemstalet er totalt 12 256 betalande medlemer, ein auke på 1 826 medlemer frå 2011. Dette er det høgste medlemstalet sidan 1992.

Noregs Mållag er òg opptekne av språklege utfordringar andre stader i verda. Vigdis Finnbogadóttir kjem til landsmøtet. Den tidlegare presidenten på Island, no Goodwill Ambassador for Languages i Unesco vil snakka om Utfordringar for språkleg og kulturelt mangfald i verda. Det skjer klokka 16.00 på fredag.

Det vert delt ut fleire prisar på landsmøtet. Nynorsk barnelitteraturpris, Nynorsk litteraturpris, Målprisen og Nynorsk næringslivspris vert delte ut. På laurdagskvelden kjem Aasmund Nordstoga og syng songar av Aasmund Olavsson Vinje.

Håvard B. Øvregård går av som leiar i Noregs Mållag etter fire år. Marit Aakre Tennø, som bur i Luster i Sogn og Fjordane og kjem frå Brattvågen på Sunnmøre, er innstilt som ny leiar. Resten av innstillinga ser slik ut: Sigbjørn Hjelmbrekke, ny nestleiar (Bø i Telemark), Janne Nygård, attval (Oslo/Jølster), Terje Kjøde attval (Ørsta), Sveinung
Rotevatn, ikkje på val (Oslo/Eid) og Helga Hjetland, ikkje på val (Kyrkjebø).

Framlegg til varaliste ser slik ut: 1. vara, Ingrid Fiskaa (bur i Oslo og kjem frå Bryne i Rogaland), lektor på Hellerud vgs, sentralstyremedlem i SV og tidlegare statssekretær, 2. vara Solgunn Liestøl, attval (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad, attval (Lista) og Magne Heide, ny (Harstad). Valet er sundag føremiddag.

Landsmøtet byrjar fredag 19. april klokka 13.30 i Ørsta kulturhus.
Les meir om landsmøtet: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10487

For meir informasjon:
Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag, 917 73 157
Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 48 348

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no