Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Rekordhøgt medlemstal

 (17.04.2013)

Det er ny rekord for innmelding i 2012. Talet på nye medlemmer er dobla frå 2011. Det samla medlemstalet i Noregs Mållag for fjoråret er på totalt 12.256 betalande medlemer.

Dette er ein auke på 1.826 medlemer frå 2011. Totalt har det meldt seg inn 2.027 personar i Mållaget i 2012, noko som er meir enn dobbelt så mange innmeldingar som i 2011 då det tilsvarande talet var på 986.

Ei samla oversikt frå årsmeldinga til Mållaget, som blir lagt fram på landsmøtet i helga, syner at alle bortsett frå eitt av fylkeslaga, har auke i talet på medlemmer i 2012. Trønderlaget fell med 17 prosent i medlemstalet samanlikna med 2011. Grunnen til dette er at Bondeungdomslaget Nidaros melde seg kollektivt ut av Mållaget i 2012 , medan Hordaland Mållag er det laget som hadde størst prosentvis auke i fjor, med heile 33 prosent.


I kjølvatnet av utspelet frå Utdanningsdirektoratet om at sidemålet bør få mindre plass i skulen i januar 2012, strøymde det på med innmeldingar til Noregs Mållag. God draghjelp fekk vi også frå Oddny Miljeteig, gruppeleiar i Bergen SV, som byrja sin eigen vervekampanje på mobil og Facebook. Dette har vore ei heilt spesiell mobilisering, som vi ikkje kjenner parallellar til.

Det er ei overvekt av kvinner som har meldt seg inn, og det kan også sjå ut til at dei nye medlemene dreg ned snittalderen i organisasjonen. Vi ser også at fleire av dei eksisterande medlemene våre har betalt medlemspengane. Etter denne kjempemobiliseringa på nyåret 2012 har det kome eit jamt tilsig resten av året. Den store tendensen i medlemsveksten er at han er fordelt over heile landet, men med markant auke i dei store byane og på Vestlandet. At 131 lag har hatt medlemsauke
syner dette.

Her finn du årsmeldinga for Noregs Mållag for 2012-2013. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no