Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Elevar i ungdomsskulen må prøvast i sidemål

 (18.04.2013)

Læreplanen i norsk skal reviderast i mai, og Utdanningsdirektoratet har no sendt si endelege tilråding til Kunnskapsdepartementet. Utdanningsdirektoratet har også samanfatta svara frå høyringa som hadde frist 5. mars. Høyringa viser ei brei støtte til både opplæring i og prøving i skriftleg sidemål.

Noregs Mållag samlast til landsmøte i Ørsta på Sunnmøre 19.-21. april, og det er venta at framlegga frå Utdanningsdirektoratet vil bli ei hovudsak. 

– Det er avgjerande med ein eigen karakter i skriftleg sidemål, både i ungdomsskulen og i vidaregåande studieførebuande utdanning, seier Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag. Han er overraska over at Utdanningsdirektoratet i sitt endelege framlegg til revidert norskfag opnar for at elevar kan gå gjennom ungdomsskulen utan eigen karakter i sidemål.

– Vi er også uroa for konsekvensane ved avsluttande sidemålsopplæring i Vg2. I fleire delar av landet går nynorsk- og bokmålselevar i same klasse. Då vert det vanskeleg å drive intensiv sidemålsopplæring i berre eitt sidemål, slik Utdanningsdirektoratet vil. Vi er redd sidemålseksamen i vg2 (2. klasse) vil føre til auka språkskifte frå nynorsk til bokmål.

– Tidleg start med skriftleg sidemål er det viktigaste verkemiddelet for å gjere bokmålselevar meir positive til nynorsk. Då bør elevane byrje å eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål alt i 4. klasse, ikkje i 7. klasse slik Utdanningsdirektoratet føreslår, seier Øvregård

– Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv. Vi ventar at
kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa sikrar gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet, seier Håvard B. Øvregård.

Les framlegget frå Utdanningsdirektoratet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no