Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. AUGUST 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Håvard B. Øvregård, Ørsta, 19. april 2013

Kva med bokmålsbrukarane?

 (20.04.2013)

Vyrde landsmøte. 

Ein grøn pengesetel frå 1984. Du finn han i glas og rame i Myntkabinettet i andre etasje på Historisk museum i Oslo. Det er ein femtilapp med bilete av Aasmund Olavsson Vinje på. ”FEMTI KRONER  NOREGS BANK” står det på han.

Nei, det var feil å seie éin. Det er to grøne femtilappar med bilete av Vinje på i Myntkabinettet. Ein av dei heng for seg sjølv. Med ei forklarande tekst. Teksta fortel deg kvifor Myntkabinettet har teke vare på to eksemplar av Vinje. Den eine er nemleg klussa på. Nokon har stroke over NOREGS og skrive NORGES. Teksta fortel at denne fyrste pengesetelen med nynorsk tekst var særleg provoserande, så provoserande at det var overstrekingsaksjonar. Det var så vanleg å stryke over NOREG og skrive NORGES, at Myntkabinettet har teke med begge to i samlinga si.

For snart tretti år sidan var altså synet av landsnamnet på nynorsk så provoserande at folk fann fram penn og retta opp i styggedomen. I dag er det knapt nokon som ville ha reagert.

--

Ein fredag i mars var eg på Lillehammer med Nynorskstafetten. Denne dagen var det meg og forfattar Ruth Lillegraven som var på vegen i den oransje stafettbilen. Barnehagebarna som møtte opp på Lillehammer bibliotek fekk høyre Ruth fortelje om Mari og Magnus og smokketjuven, før eg tok over og talde med ungane på ulike språk. Særleg kjekt var det at det var både finsk- og samiskspråklege vaksne i barnehagen, og vi fekk lære å telje til fem på begge språka. Visste de at tre og fire på samisk og finsk er nesten heilt likt? Golbma – njeallje på samisk, og kolme – neljä på finsk.

Etter barnehagestunda tok vi bilen til NRK Hedmark og Oppland sitt studio på Lillehammer. Nynorskstafetten har vore ein mediemagnet, og også her ville dei ha stafettvitjinga med på lufta.

Under intervjuet vart eg spurd, som vanleg er, om korleis det står til med nynorsken. Dei fleste journalistar spør om dette. Eg sa, som sant er, at det står ganske bra til. Folk i Noreg får mindre språkfordomar og større evne til å verdsetje den norske fleirspråkssituasjonen for kvar dag som går. Og i dette intervjuet fortalde eg om femtilappen på Historisk museum som eit døme på korleis folk er meir positive til nynorsk no enn før.

Intervjuet var i opptak, så eg høyrde på det i bilen på veg sørover til Oslo. Dei var to i studio denne ettermiddagen, og etter intervjuet med meg og Ruth greidde dei ikkje å sleppe tak i temaet. Han som ikkje hadde vore til stades under intervjuet, måtte nemleg kome med ei tilståing. Han var oppvaksen i Bærum, og var ein av dei som strauk over NOREG og skreiv NORGE på femtilappane tidleg på åttitalet. Han hugsa godt dette.

I ettertid skjemdest han av det han hadde gjort som ung sidemålshatande elev. Han hadde etterkvart byrja å like nynorsk, han var stolt av det språklege mangfaldet vi har i Noreg, og før neste låt vart spelt, kom han med ein spontanappell til lyttarane. Han argumenterte for obligatorisk sidemålsopplæring og fortalde korleis sidemålet gav elevane betre forståing av norsk kultur og historie, var viktig for vilkåra til nynorsk og dialekt, og i tillegg gjorde elevane generelt betre i språk. Eg klarte ikkje halde tilbake eit gledeshyl der eg sat bak rattet mellom Toten og Hadeland.

--

I år feirar vi Språkåret 2013. Vi feirar tohundreårsjubileet for Ivar Aasen.

Vi skal takke Ivar Aasen for det storverket han gav Noreg. Ikkje berre må vi takke han for nynorsken, vi må takke Ivar Aasen for at vi i Noreg har vorte språkleg rause med kvarandre. Ivar Aasen har ikkje gjort alt dette heilt åleine, det er fleire å takke – også oss sjølve og alle tidlegare landsmøtelydar. Lat oss gjere opp ein liten status for jubileumsåret.

Kampen for nynorsk som einaste riksmål er tapt. Denne kampen var også ein del av ein gamal og no utdatert målstrid. Ein gamal målstrid som handla om anten – eller, ei målpolitisk slagmark der eitt språk skulle stå att etter at dei andre var nedsabla. Den gamle målstriden var ein kamp for eittspråksamfunnet, i alle fall i skrift. Den nye målstriden er kampen for fleirspråkssamfunnet. Kampen for å gjere nordmenn språkleg rausare med kvarandre.

Språkåret 2013 skal bli ei raus feiring av språklege skilnader og mangfald. Vi vil gjere nordmenn språkleg rausare med kvarandre. Vi skal få fram kva språka og språkbrukarane gir kvarandre, og skape respekt for dei behova ulike språkbrukargrupper har.

Ein slik målstrid kan både Mållagsfolk og Riksmålsfolk stille seg bak. Denne nye målstriden er ein kamp mellom språkglede på eine sida, og vankunne og likesæle på den andre.

Kampen for nynorsk som einaste riksmål er tapt, men kampen for folkemål og dialekt er i stor grad vunnen. I dag kan du bruke dialekten din på nær sagt alle område. I dag er Noreg eit av dei mest dialekttolerante landa i Europa.

For vel 177 år sidan skreiv Ivar Aasen ”Det gjorde alltid vondt når eg høyrde korleis allmugespråket vårt blei krenkt og gjort til latter, anten av velkledd kunnskapsløyse eller av ein rett nok velmeint iver etter å reinse.”  Hadde Ivar Aasen kome tilbake i dag, hadde han gledd seg over dialektane sin status. På dette området har vi vunne kampen for folkemålet.

Eg trur Ivar Aasen også hadde funne glede i at bokmålet har gått frå å vere eit dansk til å bli eit norsk språk. Ivar Aasen har sett sitt merke ikkje berre på nynorsken, men også på bokmålet. Gjennom hans innsats for norsk folkemål har bokmålet blitt noko heilt anna i dag enn kva det hadde blitt utan Ivar Aasen sin innsats. Vi i Mållaget, eller rettare dei som har vore i Mållaget før mi tid, må nok også ta på seg eit ansvar for at bokmål har blitt eit norsk språk.

--

Noregs Mållag feirar Språkåret 2013 med eit organisatorisk krafttak. Nynorskstafetten, med sine 140 stogg i 19 fylke, og snart fleire hundre medieoppslag, har vore ein suksess. I løpet av dei to fyrste vekene, då eg var på vegen med den oransje stafettbilen, møtte eg over tre tusen menneske i ti kommunar. Barnehagebarn, skuleungar og –ungdom, ordførarar og rådmenn, fulle samfunnshus og diskusjonar på stand på kjøpesenter. Over alt var det lokale mållagsaktivistar som sytte for at stafetten kom fram til folket.

Nynorskstafetten har alt gitt resultat gjennom nye medlemar, oppattvekte mållag og kveik i organisasjonen på alle nivå. Nynorskstafetten har vorte større enn vi kunne håpa på, og det er takka vere innsatsen til alle dykk lokale tillitsvalde.

--

Vi har også god grunn til å feire medlemstalet vårt. Sist gong medlemstalet var så høgt som i dag, gjekk eg i andre klasse på vidaregåande. Det er tjue år sidan, i 1992. I 2012 enda vi opp med 12.256 medlemar. Det kom over 2.000 nye medlemar i 2012. Eg trefte ein av desse i går, og spurde kvifor han melde seg inn. Svaret hans er truleg særs representativt. Han reagerte på framlegga om å svekkje sidemålet, og melde seg inn i Mållaget.

--

Sidemålsdebatten er ein rest av den gamle målstriden. Men det er ikkje Mållaget som held liv i ein gamal strid. For å låne eit Høgre-slagord, så er det Mållaget som har ”Nye idear og betre løysingar” i sidemålsdebatten, ikkje Høgre sin programkomite og andre som vil ha såkalla ”valfritt sidemål”. ”Valfritt sidemål” er ein gamal ide og ei dårleg løysing. Tidleg start med sidemålsopplæring er ein ny ide og ei betre løysing. Spørsmålet er veldig enkelt. Skal vi lære meir, eller skal vi lære mindre.

Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv. Dette er diverre vanskeleg å forstå for altfor mange av dei som ikkje sjølv skriv nynorsk.

-

Korleis kan vi kommunisere sidemålsutfordringane til bokmålsmajoriteten?

Dei er fleirtalet i folket. Utan å nå fram til bokmålsmajoriteten vil vi på sikt tape det tospråklege Noreg, og nynorsk vil misse statusen som eit nasjonalt språk.

Er det mogeleg å snu sidemålsdebatten på hovudet? Å byte om på bokmål og nynorsk for nokre minutt? 

Her er mitt forsvar for bokmål som sidemål:

--

Kjære bokmålsbrukarar.
De som har hatt nynorsk som sidemål. Bli med meg på eit lite eksperiment: Lat oss akkurat no late som om det er bokmål som er sidemål for dei fleste. At det er nynorsk som er fleirtalsspråket i Noreg, og at de som skriv bokmål er mellom 10 og 15 prosent av befolkninga. De bokmålsbrukarar er ein språkleg minoritet, og eg tilhøyrer den språklege majoriteten, nynorskbrukarane.

I eit slikt Noreg, vil eg framleis kjempe for obligatorisk opplæring i sidemål. Her er mitt forsvar for bokmål som sidemål.


Kulturargumentet

Bokmål er ein viktig del av norsk kultur. I den norske nasjonsbyggingsprosessen på 1800-talet var det to parallelle prosjekt for eit norsk språk. I byrjinga var det eine basert på norske dialektar, og det andre på ein norsk variant av det danske språket i administrasjon og kyrkje. Men i dag er begge språka norske språk. Dei har påverka kvarandre, dei har stått mot kvarandre, dei har gjeve kvarandre nye ord. Dei har hatt kvar sine fanklubbar, dei har skapt splid og tårer, dei har kjekla som slektningar i eit dødsbu. Og ingen av dei har hatt fred med seg sjølv, dei har levd i ein ubroten indre strid om korleis orda skulle bøyast, kva ord som skulle sleppe inn og kva ord som skulle stengjast ute, om dei skulle vere mest lojale til historie og struktur eller late seg påverke av udisiplinerte språkbrukarar og nymotens innfall.

I dag er dei begge norske språk. To ulike norske språk. To ulike auge å sjå den norske historia gjennom, to ulike nasebor til å lukte på den norske identiteten, to ulike øyre å høyre på det norske samfunnslivet.

Det er det same landet, sjølv om det er to ulike språk. Og det er nett kombinasjonen av dei to språka som er det norske. Kva var sommar utan vinter, kva var dag utan natt, kva var Noreg utan Norge. Vi kan like det eine betre enn det andre, men det er kombinasjonen av dei to som er historia vår, identiteten vår, kulturen vår.

-

Språk er kultur, og norsk kultur er både nynorsk og bokmål. Vi tek vare på kultur gjennom å bruke han, vi tek vare på språk gjennom å snakke og skrive. Lesing åleine har aldri tatt vare på noko språk. Det er gjennom å skrive at du tek vare på eit skriftspråk. Skal vi ta vare på både nynorsk og bokmål i Noreg, må det vere ein del av allmenndanninga å skrive på begge språka. Difor vil eg forsvare obligatorisk opplæring i bokmål sidemål, også i eit Noreg der de bokmålsbrukarar er eit lite mindretal.

-

Bruksargumentet

Sjølv i eit Noreg der 85 til 90 prosent skriv på nynorsk, er det 10 til 15 prosent som skriv på bokmål. 10 til 15 prosent er få prosent, men mange menneske. Det er så mykje som mellom ein halv million og 750 tusen menneske.

Desse menneska – bokmålsbrukarane – skal også ha lærarar, då må lærarane kunne skrive bokmål i tillegg til nynorsk. Så om eg ein dag skal bli lærar må eg også kunne skrive bokmål.

Desse menneska – bokmålsbrukarane – er i fleirtal i delar av landet, og i kommunar der bokmålsbrukarane er i fleirtal vil dei gjerne at bokmål vert nytta i kommuneadministrasjonen. Då må dei tilsette i kommunen kunne skrive bokmål. Så om eg ein dag skal bli tilsett i ein slik kommune må eg også kunne skrive bokmål. I fylke der bokmålskommunane er i fleirtal vil dei i tillegg at bokmål vert nytta i fylkeskommunen, og då må dei tilsette i fylkeskommunen kunne skrive bokmål. Så om eg ein dag skal bli tilsett i ein slik fylkeskommune må eg også kunne skrive bokmål.

Desse menneska – bokmålsbrukarane – vil også at bokmål skal brukast i staten. Dei vil kunne sjå at staten også brukar språket deira, dei kjenner seg ikkje heime i ein rein nynorskstat. Dei vil at staten skal skrive til dei på deira eige språk, og dei meiner at det er borgarane, ikkje dei statstilsette, som skal avgjere kva språk staten skal bruke. Då må dei tilsette i staten kunne skrive bokmål i tillegg til nynorsk. Så om eg ein dag skal bli tilsett i staten, må eg også kunne skrive bokmål.

Desse menneska – bokmålsbrukarane – er også næringslivsleiarar. Og dei vil at bedrifta skal bruke språket deira, i alle fall om ho ligg i eit bokmålsområde. Dei forventar mellom anna at brev som dei signerer og rapportar dei leverer, skal vere på språket deira, også når det er nokon tilsette som må førebu breva og rapportane. Då må desse tilsette i bedrifta kunne skrive bokmål. Så om eg ein dag skal bli tilsett i ei slik bedrift, må eg også kunne skrive bokmål.

Desse menneska – bokmålsbrukarane – er i tillegg ein heil masse andre stader. Det er trass alt mellom ein halv million og 750 tusen av dei. Og mange av desse menneska forventar faktisk at dei skal kunne bruke sitt eige språk, også når eg som nynorskbrukar skal arbeide saman med dei.

-

Men om de bokmålsbrukarar verkeleg hadde vore i mindretal, så hadde de visst at de ikkje automatisk kunne forvente å bruke eige språk når de skal skrive noko saman med ein nynorskbrukar, heller ikkje kunne de forvente at ein i det minste veksla på det og brukte kvar sitt språk annankvar gong.

Dette er ikkje fordi vi nynorskbrukarar eigentleg er så negative til bokmål. Vi synest bokmål er fint, gjerne i dikt og gamle songar – ”Ja, vi elsker” er fin den, sjølv om den er på bokmål – og ein del nye songar også – slik som Lillebjørn Nilsen, kanskje fordi han ikkje har så sær og gamaldags bokmål. Men Dum Dum Boys, dei synest vi tok det litt for langt, det blei alt for gamaldags bokmål, og kvifor brukar dei eit bokmål som er så unaturleg og langt ifrå det språket dei eigentleg snakkar?

Vi nynorskbrukarar kunne gå på bokmålsteater og synest det var spanande og eksotisk, mens vi på vegen ut av teateret lo litt av det kunstige språket. Og de bokmålsbrukarar, de lo også litt over kor kunstig det var, sjølv om det ikkje var noko meir kunstig enn kva du høyrde i eit kva som helst slags nynorskteater.

De hadde erfart at vi nynorskbrukarar stort sett forventa at de skreiv på vårt språk, på nynorsk. Vi hadde ikkje blitt sinte, berre overraska om de skreiv til oss på bokmål, men vi hadde forventa at de bytte til nynorsk når det gjaldt noko vi skulle skrive vidare på.

--

Og du hadde oppdaga at nynorskbrukarar si manglande evne til å skrive bokmål snevra inn ditt høve til å bruke ditt eige språk. Du hadde blitt så van med å skrive nynorsk at du til slutt mest ikkje skreiv på hovudmålet ditt, bokmål.

Din rett til å skrive på hovudmålet ditt hadde blitt avgrensa av mi evne til å skrive sidemålet mitt. Dersom eg ikkje hadde lært å skrive sidemål i skulen, hadde du ikkje hatt noko val om du skulle skrive saman med meg. Du måtte skrive nynorsk

Eg vil at du skal kunne bruke hovudmålet ditt. Då må eg kunne skrive på mitt sidemål. Difor er eg for at alle skal lære bokmål sidemål.

--

Fleirspråksargumentet

I eit Noreg med mellom 10 og 15 prosent bokmålsbrukarar, blir bokmålsbrukarane i praksis tospråklege. Nynorsken kjem gratis når ein alltid har nynorsk rundt seg i bøker og teikneseriar, på film, radio og fjernsyn, på mjølkekartongar og i reklame. Barn med bokmål som hovudmål får då ein større språkleg kompetanse. Denne kompetansen får ikkje barn med nynorsk som hovudmål.

I mitt forsvar for bokmål som sidemål – i eit Noreg med nynorskfleirtal – er fleirspråksargumentet det egoistiske argumentet. For kvifor skal dine barn bli betre språkbrukarar, få betre kognitive evner og mange andre fordelar, berre fordi dei har eit anna hovudmål enn mine barn.

Eg vil, som alle andre foreldre, at barna mine får eit best mogeleg utgangspunkt for livet sitt. Då er det betre at skulen lærer dei to norske språk enn eitt norsk språk. Eigentleg burde eg – om eg ynskte det aller beste for barnet mitt – setje det i ei bokmålsklasse. Men om eg synest barna mine skal ha det same hovudmålet som meg sjølv, då er god sidemålsopplæring i bokmål det beste alternativet.

Eg ville vore oppteken av at barna mine byrja tidlegare med bokmål sidemål enn kva ein har i skulen i dag. Kvifor vente med å lære til du går i 9. klasse, når hjernen er klar mykje før? Og særleg når eg veit at dei som byrjar tidlegare med sidemål, får betre haldningar til bokmål, opplever betre meistring, og lærer meir?

--

Ein kan ikkje på ti minutt lære ein bokmålsbrukar korleis det er å leve i eit språkleg mindretal. Men vi må prøve. Sidemålsdebatten handlar ikkje fyrst og fremst om norskfag og skule, han handlar om livsvilkåra for det tospråklege og fleirspråklege Noreg. Vi som ser dette har eit ansvar, også eit ansvar for å gjere det språklege fleirtalet merksame på det dei i si privilegerte vitløyse ikkje ser. Så:

Kjære bokmålsbrukar.
For meg og andre nynorskbrukarar er det ikkje eit val om ein vil lære å skrive bokmål. Det er eit krav. ”Valfritt sidemål” vil aldri vere eit val for andre enn eit privilegert fleirtal av bokmålsbrukarar.  ”Valfritt sidemål” vil undergrave nynorskbrukarane sine rettar. ”Valfritt sidemål” vil føre til auka målbyte frå nynorsk til bokmål. ”Valfritt sidemål” er ei oppmoding om å lære mindre, ei oppmoding om å ta frå barn språkleg stimulering.

Kjære bokmålsbrukar.
Ver med i arbeidet for, ikkje mot, språk. Språk er ikkje anten - eller, språk er både - og. Vi arbeider for nynorsk, dialektar, urfolksspråk, minoritetsspråk og språkmangfald i Noreg. Vi arbeider for at barn og unge skal lære meir, ikkje mindre, i barnehage og skule.

Vi vil gjerne ha deg med i Mållaget. Det er ikkje opptaksprøve. Du treng ikkje meistre nynorsk. Men du må vere positiv til språk.

--

Kjære landsmøte.
Vi treng fleire ”bokmålsfolk” i Mållaget. Vi treng fleire med bokmål som hovudmål som er opne sidemålstilhengarar. Vi treng fleire politikarar frå bokmålsområde som skjønar kva Noreg vinn på å vere fleirspråkleg. Vi treng fleire som stiller spørsmål ved sidemålspopulisme i dei politiske partia. Vi treng fleire som vil kjempe for auka ressursar til norskopplæring for innvandrarar, for betre vern av minoritetsspråk, for fleire barnebøker på samisk, for bevaring av stadnamn, … lista er lang.

Men vi må forstå at eit mindretal ikkje klarar seg heilt åleine. På same måten som arbeid mot diskriminering på alle andre område fyrst har lukkast når minoriteten har fått tilstrekkeleg allierte i majoriteten.

Språk i Noreg handlar om fleirtal og mindretal. Vi treng allierte i det språklege fleirtalet for å gjere nordmenn språkleg rausare med kvarandre.

--

Min konklusjon er at Noregs Mållag må møte denne utfordringa, og verte ein organisasjon som også naturleg femnar bokmålsbrukarar.

--

Dette er siste landsmøtetalen min. Nokon skal kome, og eg skal gå.

Før eg sluttar av vil eg enno ein gong dele dei rettesnorene eg har hatt for arbeidet mitt som leiar dei siste fire åra:
- Vi skal vere meir positive enn negative
- Vi skal vere flinkare til å kome med løysingar enn til å peike på problem
- Vi skal gjere det lettare å bruke nynorsk, ikkje vanskelegare
- Vi skal fremje fleirkultur, ikkje trongkultur
- Vi skal ikkje jobbe for nynorsk åleine, men for språk generelt

 

Kjære Noregs Mållag

Takk for alt eg har lært og alle eg har møtt.


Godt landsmøte!

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no