Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk litteraturpris til Lars Amund Vaage

 (19.04.2013)

Lars Amund Vaage er tildelt Nynorsk litteraturpris 2012 for romanen ”Syngja”. Prisen er på 30 000 kroner og vart kunngjort ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. 

 Juryen skriv dette i grunngjevinga:

I denne boka gjer forfattaren noko han hevdar han ikkje har våga tidlegare, han går til sine eigne personlege erfaringar, og gir seg i kast med det nesten umulege, skildre korleis det er å følgje oppveksten til ei autistisk dotter. Dottera har aldri evna til å uttrykke seg språkleg, i motsetnad til far sin, diktaren. Vaage klarer å skildre det spesielle slik at det verkar allment. Og det nesten umulege: Korleis menneske eit stykke på veg kan forstå kvarandre utan å kunne kommunisere.

Å skrive om ein person som ikkje kan møte det som blir sagt om henne, fordi ho er ordlaus, driv skrivaren til å reflektere over forholdet mellom kunstens oppgåve og dei som blir skildra i kunstens namn. Slik vert dette også ein roman som inviterer til refleksjon over forholdet mellom ordkunst og røyndom, mellom to slags solidaritetar: til menneska eller til kunsten. Eller kanskje til begge. Og sjølv om dette langt på veg er ei autentisk historie, som er forfattarens eiga, så er det først og fremst ein roman, der fiksjonens grenser blir utforska. I romanen, som er eit ønske frå ein far om å skrive seg inn til dottera si, på å verkeleg sjå henne og gå i djupet av kjenslene sine for henne, ligg det òg ei avstandstaking; det er orda som skil dei, og det er gjennom orda han forsøkjer å nå henne.

I tillegg til alt dette er Vaage ein av dei sikraste og finaste stilistane i Norge i dag, han har ein musikalitet i språket som knapt nokon annan kan vise til. Og slik blir tittelen ”Syngja” viktig. Det er ikkje minst gjennom songen at far og dotter kan møtast, som i den vakre sluttscenen der dei syng saman: ”Min hatt den har tre kanter.”

Det er Noregs Mållag, Det Norske Teatret og Det Norske Samlaget som deler ut Nynorsk litteraturpris. Han har blitt delt ut sidan 1982.  Juryen for Nynorsk litteraturpris har i år vore Ove Lidvar Eide, Mari Moen og Ragnar Hovland.

Lars Amund Vaage mottok prisen for fyrste gong i 1995. Tidlegare prisvinnarar er lagde ut her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10237

***

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no