Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk barnelitteraturpris til Anna R. Folkestad

 (19.04.2013)

Nynorsk barnelitteraturpris 2012 vert tildelt Anna R. Folkestad for boka Unni og Gunni reiser. Prisen er på 30 000 kroner og vert delt ut ved opninga av landsmøtet til Noregs Mållag. 

Grunngjeving frå juryen:
Vinnaren av Nynorsk barnelitteraturpris 2012 har skrive og illustrert ein ny biletbokserie for dei yngste lesarane som utgjer eit viktig bidrag innafor ein barnelitterær sjanger som lenge har vore prega av omsette bøker. Ved å skape kvalitetsbøker for små barn viser forfattaren at ho tek denne lesargruppa på alvor, noko juryen meiner forfattaren skal ha heider for.


Med vinnarboka etablerer forfattaren eit særprega og tydeleg univers for dei yngste. Handlinga går føre seg i arktiske strok, med dei talande pingvinane Unni og Gunni som hovudpersonar. Desse karakterane er enkle, men likevel individualiserte, og den visuelle karakteriseringa framstiller også pingvinane med eit visst kjensleregister. Slik framstår persongalleriet både oversiktleg og engasjerande for dei yngste lesarane.


Handlingsstrukturen er enkel og tilpassa mottakargruppa: Bygd over det veletablerte barnelitterære mønsteret heime – borte – heime inviterer forteljinga lesaren med på Unni og Gunni si magiske reise på eit flygande teppe, ei reise som både er omgrepsutviklande og spanande på same tid. I god barneboktradisjon endar Unni og Gunni heime til slutt, om enn i ekte Janosch-stil slik vi kjenner den frå Til Panama, til Panama. På denne måten formidlar boka at reisa heimafrå kan gje nye perspektiv på det vante. Vittige og overraskande poeng kjem fram gjennom eit vellukka samspel mellom tekst og bilete, som gjev rom for meddikting og fantasi.


Juryen meiner at denne tilsynelatande enkle boka er eit viktig bidrag i norsk barnelitteratur gjennom måten den introduserer forteljande dikting for dei yngste lesarane på. Også dei andre bøkene og appane om Unni og Gunni stadfestar inntrykket frå vinnarboka om at prisvinnaren har greidd å skape eit barnebokunivers med stort potensial.
Boka er gjeven ut på Det Norske Samlaget.

Det er Noregs Mållag som deler ut Nynorsk barnelitteraturpris. Det har vi gjort sidan 1968. Sjå tidlegare prisvinnarar her: http://www.nm.no/tekst.cfm?path=10235,10236

Prisen er på 30 000 kroner og ein diplom. I juryen har Anne Marit Godal, Arild Torvund Olsen og Anne Skaret sete.

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no