Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 18. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Linda Eide er tildelt Målprisen 2013

 (20.04.2013)

Foto: Kristin Helgeland Hauge

– Nokre gonger dukkar det opp slike folk som gjer at me nynorskingar rettar ryggen og seier ”sjå” - han eller ho er ein av oss. Folk som er både kule og morosame på eine sida, men som med djupt alvor argumenterer for nynorsk når dei vert intervjua i aviser og blad. Årets målprisvinnar er ein slik person, sa Håvard B. Øvregård, leiar i Noregs Mållag.

Grunngjevinga for tildelinga frå styret i Noregs Mållag:

Ho er uløyseleg knytt til dialekta si og nynorsken. Ho er, trass i at ho har budd i Bergen i mange år, best kjend som vossing. Ho har vore nynorskprosenten på laurdagskvelden, og ho har formidla kvinneliv på Voss gjennom mor si. Ho har gått frå å vere utskjelt for nynorskbruk i NRK Hordaland til å verte bejubla tv-journalist i beste sendetid, på vossamål og på nynorsk. Utan slike einskildpersonar som ikkje er redde for å dra fram dialekta si og nynorsken i ålmenta slik at alle kan sjå, og høyre, hadde ikkje alle me sete her.  

Sidan 1990 har ho vore programmedarbeidar i fleire avdelingar i NRK, mellom anna i NRK P3 sidan opninga i 1993, i NorgesglassetNRK P1 frå 1998 og i NRK Fjernsynet. Sist sett i ”Norsk attraksjon” i beste sendetid på laurdagkveldane. Etter å ha ringt mor si i ti år for å grave etter gamalt nytt, og skrive om det, kom i fjor boka ”Oppdrag Mottro”.

Årets Målprisvinnar skreiv som purung journaliststudent oppgåve om nynorsk på journalisthøgskulen, ho har i intervju fortalt om korleis det var å bli fortalt at ein skulle snakke bokmål i austlandssendinga og å få telefonar med kritikk for nynorskvalet frå lyttarar. Dei fleste av oss ville valt å bøye av.

Tusen takk for at du aldri bøygde av Linda Eide!

 

 

 

Foto: Kristin Helgeland Hauge, NRK
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no