Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Marit Aakre Tennø ny leiar i Noregs Mållag

 (21.04.2013)

 

På landsmøtet i Noregs Mållag vart Marit Aakre Tennø valt til ny leiar.

 

– Eg gler meg til å arbeide for at nynorskelevane skal bli trygge i sitt eige språk, seier Marit Aakre Tennø, nyvald leiar i Noregs Mållag.

 

– Me treng ein heilt ny språkpolitikk som har som mål å hindre språkskifte frå nynorsk til bokmål. I dag finst det ingen politikk for å hindre slikt språkskifte, seier Marit Aakre Tennø.


– Språkpolitikken må gjere elevane medvitne om kva utfordringar som kjem til å møte dei som brukarar av eit mindre brukt språk, og styrkje den språklege sjølvkjensla deira, seier Marit Aakre Tennø.

Ei opplæring i nynorsk som hovudmål må ta omsyn til dei særlege utfordringane til nynorsken som mindre brukt språk, for å hindre språksskifte. Mindre bokmålseksponering er mellom føresetnadene som må på plass.


Eit offensivt landsmøte i Mållaget har vedteke at vi vil ha ein eigen nynorskdidaktikk for opplæring i nynorsk som hovudmål og at hovudmålet må følgje eleven gjennom heile grunnskulen. Dette er viktige steg på vegen mot ein heilt ny måte å tenkje om utfordringane for nynorsken på.


Marit Aakre Tennø bur i Luster i Sogn og Fjordane og kjem frå Brattvågen på Sunnmøre.

Resten av det valde styret ser slik ut: Sigbjørn Hjelmbrekke, nestleiar (Bø i Telemark), Janne Nygård, (Oslo/Jølster), Terje Kjøde (Ørsta), Sveinung Rotevatn, (Oslo/Eid) og Helga Hjetland (Kyrkjebø).


Varalista ser slik ut: 1. vara, Ingrid Fiskaa (bur i Oslo og kjem frå Bryne i Rogaland), 2. vara Solgunn Liestøl, (Haugesund), 3. vara Randi Lohndal Frestad (Lista) og Magne Heide, (Harstad).

 

 

For meir informasjon:

Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16

Hege Lothe, informasjonskonsulent, 926 38 348

 

Bilete av Marit Aakre Tennø: http://www.flickr.com/photos/27517726@N07/8668722892/in/photostream/


Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no