Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Fråsegn frå landsmøtet i Noregs Mållag, 19.-21. april 2013

Sidemålet må styrkjast

 (24.04.2013)

Ei god sidemålsopplæring dannar grunnlaget for språkleg jamstilling og for statusen til nynorsk som nasjonalmål. Ei svekking av statusen til sidemålsordninga vil få alvorlege konsekvensar for nynorsken.

Eiga vurdering
Landsmøtet i Noregs Mållag meiner at ei god sidemålsordning må innehalde obligatorisk vurdering i sidemålet til elevane både på ungdomsskulen og i vidaregåande skule. Det er viktig at vurderinga ikkje berre skjer både ved avsluttande eksamen, men òg med ein eigen standpunktkarakter. Standpunktkarakteren er ei breiare prøving av kompetansemåla i læreplanen enn det ein eksamen er.

Sluttvurdering etter Vg3
Norsk er eit mogningsfag, og å verte god i sidemålet sitt krev stabil trening. Difor er det mest tenleg å leggje den avsluttande vurderinga til det siste året på vidaregåande skule. Avsluttande karakter på eit tidlegare tidspunkt har negative konsekvensar, særleg for språkdelte klassar og klassar med stort språkskifte.

Tidleg start
For å sikre at elevar vert funksjonelle språkbrukarar i både nynorsk og bokmål må bokmålselevane starte tidlegare med sidemålsopplæringa enn dei gjer i dag. Tidleg start med skriftleg sidemål er det viktigaste verkemiddelet for å gjere bokmålselevar meir positive til nynorsk. Elevane bør byrje å eksperimentere med skriving av enkle tekstar på sidemål alt i 4. klasse, ikkje i 7. klasse slik Utdanningsdirektoratet føreslår.

Fleirtalet i norsk skule har nynorsk som sidemål, og ei svekking av sidemålet er i praksis ei svekking av nynorsk. Dette er direkte i strid med den stortingsvedtekne norske språkpolitikken, slik han er uttrykt i både St.meld. 23 (2007 - 2008) Språk bygger broer og St.meld. 35 (2007- 2008) Mål og meining. Utan god opplæring i begge språka for alle vil ikkje nynorskbrukarane fritt kunne nytte språket sitt i arbeids- og samfunnsliv. Vi krev at kunnskapsminister Kristin Halvorsen og regjeringa sikrar gode vilkår for nynorsk når ho tek stilling til framlegga frå Utdanningsdirektoratet.


For meir informasjon:
Marit Aakre Tennø, ny leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no