Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsk næringslivspris 2013 til Skogstad Sport

 (20.04.2013)

- Juryen for nynorsk næringslivspris meiner det medvite valet Skogstad gjorde i 2011 er eit døme til etterfølgjing for norsk næringsliv generelt, og for verksemder med opphav i dei nynorske kjerneområda spesielt, seier Sveinung Rotevatn, leiar for juryen. Marknadssjefen Knut Roger Nesdal frå Skogstad Sport tok imot prisen på vegne av verksemda og tykte det var stas å få prisen.

Skogstad Sport AS er eit norsk klesmerke for sports- og fritidsklede. Verksemda vart etablert i Innvik i Stryn i 1936, der dei framleis har hovudkontor. Skogstad driv sju eigne butikkar, har 37 konseptbutikkar og ein årleg omsetnad på i overkant av 100 millionar kroner. I 2012 vart verksemda kåra til den tredje beste leverandøren til sportsbransjen av bransjemagasinet Sport.

I 2011 gjekk verksemda for første gong over til å bruke nynorsk. Gjennom eit medvite skifte har alt skriftleg materiell og kommunikasjon frå verksemda - herunder katalog, internettside og varemerking - dei siste to åra blitt utforma i nynorsk språkdrakt. Skogstad grunngjev sjølve valet med at dei er stolte av sitt geografiske opphav, og at nynorsk som ein del av verksemda sin identitet er med på å gje produktet eit kvalitetsstempel.

Juryen for nynorsk næringslivspris meiner det medvite valet Skogstad gjorde i 2011 er eit døme til etterfølgjing for norsk næringsliv generelt, og for verksemder med opphav i dei nynorske kjerneområda spesielt. Skogstad er ein mellomstor aktør i ein bransje som tradisjonelt er dominert av bokmål, og det er difor særleg gledeleg at dei ynskjer å profilere seg på nynorsk. Språket verksemda nyttar er gjennomgåande godt.

Særleg vekt legg juryen på at Skogstad konsekvent profilerer seg på nynorsk i butikkar over heile landet. Fire av verksemda sine sju butikkar ligg i bokmålsdominerte byområde som Drammen, Moss, Lørenskog og Sandefjord, og dei mange konseptbutikkane finn ein over heile landet. Bokmål er den dominerande målforma i norske butikkhyller, og verksemder som vel å kommunisere med forbrukar på nynorsk gjer difor ein viktig jobb med å etablere nynorsken som naturleg målform på fleire område i samfunnet.

Juryen for nynorsk næringslivspris 2013
Sveinung Rotevatn (leiar)
Nina Refseth
Berit Rekve
Grethe Lerum
Trond Høiås
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no