Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorskstipend til Ingrid Brandal Myklebust og Rasmus Hungnes

 (21.04.2013)

Noregs Mållag har sidan 2007 delt ut to stipend kvart år, på 50 000 kroner, etter ei gåve frå Kulturdepartementet til 100-årsjubileet vårt i 2006. Stipenda vert delt ut til ein mann og ei kvinne. Stipendvinnar Ingrid Brandal Myklebust lagar T-skjorter gjennom prosjektet http://fredensborger.org/ og Rasmus Hungnes skriv dataspelmeldingar på nynorsk i Natt og Dag.

 

Ingrid Brandal Myklebust får 50 000 kroner i arbeidsstipend. Ho representerer ein liten, ideell organisasjon som arbeider for berekraftig forbruk og ei meir rettferdig fordeling av ressursar. Ein kan gjere ein innsats her på så mange ulike vis. Styret likte det ungdomelege i prosjektet, og at produkta deira har vorte attraktive blant medviten og engasjert ungdom.

Dei har som mål å spreia nynorsken på festivalar, konsertar og hendingar der unge vaksne samlar seg – og dei skriv også at målet er at ”nynorsken er lett, tilgjengeleg og tydeleg”.

Prosjektet går ut på å samla inn brukte t-skjorter og gje dei nye trykk med nynorske slagord, som dei sel på desse festivalane og andre møtestadene. Om arbeidet gjev overskot, går det til eit årleg valt utviklingsprosjekt. Døme på påskrift på T-skjortene er  ”Resirkulering for rettferd” eller ”Fred, kjærleik og resirkulering”. Med hjelp av stipend frå Mållaget vil dei kunna auka omfanget og nå mykje breiare ut enn dei har gjort til no. Sommaren vil gå med til å turnera rundt på festivalar i heile landet. Den vesle organisasjonen heiter Fredensborger, og t-skjorteprosjektet har fått namnet FREDDY.

 

Det er kulturskribent Rasmus Hungnes som får det andre stipendet. Stipendsøkjaren er utdanna biletkunstnar og musikar. Han er dessutan skribent og det er for det skriftlege arbeidet han blir påskjøna med eit av arbeidsstipenda våre i år. Ved sida av utdanninga si, har søkjaren også ei stor interesse for dataspel.

I 2011 starta han dataspelspalta i gratisavisa Natt&Dag, fordi, som han seier, bladet mangla ei slik spalte. Han skriv også platemeldingar for Dag og Tid og artiklar om samtidskunst i bladet Billedkunst og i Natt&Dag Bergen.

Han er den einaste faste skribenten for riksutgåva av Natt&Dag som bruker nynorsk, og han er den einaste i Noreg som skriv om dataspel på nynorsk. Noregs Mållag er svært glad for at mange unge menneske, med hjelp av tekstane til stipendvinnaren kan få lesa gode og kritiske artiklar om dataspel på sitt eige hovudmål.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no