Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Vil endre mållova og ta vekk karakter i sidemål

 (08.05.2013)

På landsmøtet i helga vart det vedteke at Høgre vil endre mållova og ta vekk kravet om at staten skal svare på anten nynorsk eller bokmål, utifrå kva språk mottakaren skriv. 

– Me tykkjer det er svært alvorleg at Høgre vil endre den liberale prinsippet i dagens mållov som gjer at det er lokalsamfunn, kommunane eller einskildpersonane som styrer språket til staten. Høgre vil no at den einskilde byråkraten skal avgjere kva språk staten skal nytte, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

Høgre går òg inn for at det ikkje skal vere karakterar i sidemål verken i ungdomsskulen eller i vidaregåande skule. Det er ei endring i retorikken, og dei går no vekk frå kravet om ”valfritt sidemål”.

– Noregs Mållag er skuffa over at det vitale vestlandsoppgjeret i Høgre ikkje fekk gjennomslag for sitt sidemålsvenlege framlegg. I staden har Høgre no vedteke at ein ikkje skal ha eksamen eller karakter i sidemål, men at ein skal bruke tekstar på sidemål i opplæringa, seier Marit Aakre Tennø.

Nesten 40 % av salen støtta kravet om å ta ut ungdomsskulen frå formuleringa. Særleg gledeleg er det at den markerte nynorskforkjemparen Bjørn Lødemel frå Sogn og Fjordane i redaksjonskomiteen fekk støtte frå byrådsleiar i Oslo, Stian Berger Røsland og stortingsrepresentant og tidlegare leiar av Unge Høgre, Torbjørn Røe Isaksen. Noregs Mållag veit at det er mange nynorskfolk i Høgre, og vi vonar på eit godt samarbeid vidare.

Denne saka har fått mykje merksemd i media. Sjå nokre av sakene her: 

Sak i Bergens Tidende, 4. mai: Høyre vil ha karakterer i 5. klasse 

Sak i Haugesunds Avis, 4. mai: Tapte kampen for nynorsken 

Sak i Firda, 5. mai: Distad lite glad for sidemålsvedtak 

Sak i NRK Sogn og Fjordane: Skuffa over sidemålsvedtaket

Sak i NRK Sogn og Fjordane: Overraska og skuffa over Høgre-vedtak 

Sak frå NTB, 7. mai: Venstre-topp oppgitt over Høyres sidemålsvedtak

Leiarteig i Romsdals Budstikke, 5. mai: Er ikkje språk også kunnskap?

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no