Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Svekt sidemålsordning

 (06.05.2013)

”Strålande”, er Edvard Hoem sin konklusjon av Utdanningsdirektoratet si innstilling til justert læreplan i norsk i Klassekampen 24. april. Eg les han som at han meiner einaste måten å tryggje framleis sidemålsundervisning, er å gå inn for det som no ligg føre frå Utdanningsdirektoratet. 

Same korleis ein vrid og vender på det, så er framlegget frå dei nok ei svekking av sidemålsordninga, berre fire år etter førre svekking. For Noregs Mållag er det å oppretthalde statusen og undervisninga i sidemål viktig. Undersøkingar syner at alle reduksjonar i krav eller fjerning av vurdering i sidemål fører til lægre sidemålskompetanse. Då sidemålseksamen vart gjort til trekkfag etter Kunnskapsløftet i vg3, melde sensorane om lægre kompetanse i sidemål til eksamen. Difor er det urovekkjande at ein no i ungdomsskulen berre får eigen karakter i sidemål dersom ein vert trekt ut til eksamen i norsk. Og at ein har samla standpunktkarakterane i ein felles karakter.


For Noregs Mållag handlar kampen for norskfaget om kor mykje nynorsk bokmålselevane skal lære. For ved sida av dei gode argumenta for obligatorisk sidemålsundervisning som Hoem sjølv dreg fram, er det heilt avgjerande for nynorskbrukarane at bokmålsbrukarane meistrar språket deira. Og allmenn kompetanse er avgjerande for å halde oppe språket i dei nynorske kjerneområda.  Alt i dag er påstått vantande nynorskkompetanse eit trugsmål mot nynorskinstitusjonar, som til dømes kommunar. Utan eigen karakter i sidemål i ungdomsskulen vil ein flytte større delar av sidemålsundervisninga opp i vidaregåande. Og i vidaregåande føreslår ein å avslutte sidemålsundervisninga i vg2. Noregs Mållag fryktar at dette fører til lægre sidemålskompetanse.


Norskfaget må ikkje skape strukturar som fremjar språkskifte. Avslutning i vg2 og ulike kompetansekrav trekkjer mange lærarar i språkdelte område no fram som oppskrift på større språkskifte. Når Hoem ropar ”strålande” er eg redd han ikkje har tenkt på konsekvensane av dei føreslegne endringane. Med ulike kompetansekrav vil det for nynorskeelvane løne seg å byte til bokmål som hovudmål, for då å sikre ein god karakter i sidemål, som då vil vere språket dei har hatt opplæring i heile skuletida. Avsluttar ein sidemålsundervisninga i vg2 vil dette for mange verte eit intensivt sidemålsår. I dei språkdelte klassene kan dét leggje eit press på nynorskelevane til å byte til bokmål for å kunne drive mest effektiv undervisning. Kunnskapsministeren har peikt på dei særskilde utfordringane som hovudmålselevane i nynorsk har. Ei ordning som fremjar språkskifte vil legge stein til børa.


Utdanningspolitikk er òg språkpolitikk, noko to stortingsmeldingar har slege fast. Både i Mål og Meining og i Språk bygger broer er retninga at statusen til nynorsk som offisielt språk skal styrkjast, ikkje svekkjast. Noregs Mållag si oppsummering er med andre ord at framlegget frå Udir er langt frå ”Strålande”.


Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no