Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 20. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nynorsken taper på lovbrot

 (15.05.2013)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Norske skuleelevar har klåre språklege rettar. I barneskulen skal dei ha alle bøker og all opplæring på sitt eige språk. I ungdomsskulen og i vidaregåande skule har dei rett på læremidla og eksamensoppgåvene på hovudmålet sitt. Denne retten er viktig for språklæringa, og aller viktigast for nynorskelevane. Dei har bruk for å sjå meir nynorsk enn dei gjer i dag.

I samband med røysterettsjubileet i februar i år, vart det gjeve ut eit undervisningsopplegg med tittelen ”Sånn er det bare”.  Boka, som er finansiert av det offentlege, inneheld nesten berre bokmålstekstar. Storting og regjering gjev på denne måten eit signal til nynorskelevane om at språket deira er mindre viktig enn bokmål, og det bryt med dei rettane elevane har. 

Desse rettane følgjer også borna gjennom reglar i mållova. Statsorgan pliktar å kommunisera med enkeltpersonar på språket til vedkomande, og skal veksla mellom nynorsk og bokmål i ålmenn informasjon. For boka ”Sånn er det bare” kunne ein då ha valt å ha ei deling mellom nynorsk og bokmål i boka, eller trykkja boka både på bokmål og nynorsk slik at alle elevane fekk henne på sitt eige hovudmål.

Å gje ut undervisningsmateriell berre på bokmål, bryt med opplæringslova og mållova.

Det siste året har vore prega av arbeidet med revisjon av læreplanane i norsk. Kunnskapsministeren har uttrykt ei særleg uro for stoda for nynorskelevane. Noregs Mållag er viss på at nynorskelevane heller vil ha handfaste døme i trykksverte og papir enn velmeinande ord frå ein talarstol. Vi utfordrar regjeringa til både å rydda opp i gamle synder og å streka opp retningslinjer for framtida der omsuta for nynorskelevane i det minste strekkjer seg til å oppfylle lovverket. I det ligg det ei utfordring i å laga politikk ut frå intensjonane i lovene, og ikkje ut frå smetthola, slik mykje ber preg av i dag.

Fråsegn frå Noregs Mållag, vedteken på landsmøtet i Ørsta
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no