Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Sidemålsopplæringa bør styrkjast, ikkje svekkjast

 (04.06.2013)

Utdanningsdirektoratet har levert eit framlegg til ein ny læreplan i norsk. Før sommaren skal regjeringa ta stilling til dette framlegget. Utgangspunktet var å rydde opp i den gjeldande læreplanen og såleis lette arbeidspresset på lærarane. Diverre har denne ryddejobben gått hardt ut over sidemålsordninga, noko som skader posisjonen nynorsk har i skulen. Me er difor svært skeptiske til dette framlegget om ny læreplan.

Stridsspørsmålet er kor mykje nynorsk bokmålselevane skal lære. Utdanningsdirektoratet sitt svar er krystalklårt: ikkje så mykje som i dag. Men ei god opplæring i sidemålet sikrar grunnlaget for ei språkleg jamstilling.  Det sikrar at nynorskbrukarane kan nytte språket sitt over alt, og det sikrar den nynorskkompetansen ein treng for å kunne halde oppe nynorsk tekstproduksjon og å lære opp nye nynorskbrukarar. Dette kan ikkje erstattast med ein tidleg introduksjon av nynorske bøker og generelle refleksjonar over språk. Nynorsk er eit nasjonalt språk, og ei svekking av den skriftlege sidemålsopplæringa kan få alvorlege konsekvensar.

Kunnskapsministeren har ved fleire høve sagt at ho er uroa over at mange elever byter frå nynorsk som hovudmål til bokmål. Men svaret på dette er ikkje å svekkje sidemålsordninga ytterlegare. Det avgjerande for elevar som byter språk, er kva status nynorsk har. Opplever elevane nynorsk som lite viktig, blir språkskiftet stort. Framlegget frå direktoratet seier at kunnskap i sidemålet ikkje skal målast likt med kunnskapen i hovudmål, og at undervisninga skal avsluttast i andre klasse i studiespesialiserande på vidaregåande skule. Dette er ei svekking av ambisjonane for sidemålsopplæringa, og i praksis ei svekking av nynorsk i område med bokmål som hovudmål. Framlegget til ny læreplan skaper difor eit endå større rom for språkskifte. Kunnskapsministeren stiller rett diagnose, men nyttar heilt feil medisin.

Dess lågare den ålmenne sidemålskompetansen i samfunnet er, dess større vert presset på nynorskbrukarane. Svekkjer ein sidemålsordninga, svekkjer ein nynorsken. Underteikna forfattarar vil difor be regjeringa avvise framlegget til Utdanningsdirektoratet.

Oskar Stein Bjørlykke
Kjartan Fløgstad    
Åsmund Forfang    
Ragnar Hovland
Paal-Helge Haugen    
Per Olav Kaldestad    
Marit Kaldhol    
Rønnaug Kleiva    
Eldrid Lunden     
Karin Moe    
Erna Osland    
Arild Stubhaug    
Einar Økland      
Eirik Ingebrigtsen
Lars Amund Vaage    

  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no