Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

ko:ko er årets målblome

 (19.06.2013)

Raude, svarte, blå, rosa og prikkete. Stine Elisabeth er kjend for sine fargerike og tøffe kjolar. Men akkurat no er det Ivar Aasen kjolen, eller «Edith» som den heiter, som er mest populær.

Det var ei rørt og veldig glad Stine Goksøyr som mottok årets målblome på vegne av ko:ko frå Herøy Mållag. 

– Det er kjekt å gjere noko som folk set pris på, seier ho til avisa Vestlandsnytt. 

– Då eg starta ko:ko, og jobba med å setje opp nettsida blei eg råda til å velge bokmål. Det er bokmål som gir størst resultat i søkjemotorane. Men eg valte å halde på nynorsken. For meg er det heilt naturleg å skrive, og bruke nynorsk. Eg trur det handlar om å bestemme seg for å gå for nynorsken.

Stine er ivrig når ho pratar. Ho meinar det ho seier. Og ho viser det ho meiner i produkta sine. – «Til lags åt alle kan ingen gjera…» Det treff meg. Alltid.

Og det var difor ho valte å setje diktet til Ivar Aasen på ein av kjolane sine. Og den kjolen var medverknad til at nettopp ko:ko vart vinnar av årets målblome. No er kjolen seld til over 80 butikkar i Noreg.

– Det var faktisk den kjolen som fyrst blei utseld på messa i år. Det er ein kjole ein får mykje merksemd av, seier Stine. 

For hennar standpunkt om å velje nynorsk i sitt daglege verke på nettside, produkt og marknadsføring er ikkje vanleg, skal ein tru statistikkane. Ko:ko er med på å formidle og skape identitet, sa Oddhild Brandal frå Herøy Mållag i si grunngjeving. Og nettopp det gjer ko:ko.

Stine kan love fleire produkt framover med nynorsk preg. Til hausten kjem skjerfet «gje meg handa di ven».

– Nynorsk er eit spanande språk. Ein slik pris er inspirerande for å halde fram arbeidet, seier Stine Goksøyr rørt og takksam.  

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no