Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Klårt sidemålsvedtak frå regjeringa

 (20.06.2013)

– Noregs Mållag er svært glad for at kunnskapsminister Kristin Halvorsen ikkje vil svekkje sidemålsordninga, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. Statsråden har gjort det klårt at sidemålsundervisninga er ein viktig del av norskfaget.

I fleire rundar sidan januar i 2012 har Utdanningsdirektoratet kome med framlegg om å svekkje sidemålsordninga gjennom å slå saman dei skriftlege karakterane i hovudmål og sidemål til éin karakter, og å gjere krava til meistring av sidemål lægre.

– Konsekvensen av desse framlegga ville vore statustap for sidemålet, og det er nett slike statusendringar som gjev dårlegare kompetanse i sidemål, som for dei fleste er nynorsk. Sidemålsordninga i Noreg er viktig for at nynorsken skal halde seg oppe som bruksspråk, seier Marit Aakre Tennø.

Regjeringa har no vedteke tidlegare start med sidemål, å tryggje jamstillinga gjennom like kompetansemål, sikre vurdering gjennom standpunktkarakter og eksamensordning, og å halde endringane unna ungdomssteget. Samstundes vil ein no prøve ei ny ordning med samla skriftleg karakter dei to fyrste åra på vidaregåande, medan elevane vil få tre norskkarakterar siste året på studiespesialiserande.

– Mållaget er spent på evalueringa av denne ordninga om tre år. No får lærarane eit høve til å arbeide meir intensivt med sidemålsundervisning i eit avgrensa tidsrom og minske arbeidskravet, peikar Marit Aakre Tennø på. Dette er eit unikt høve til å teste ut eit heilt nytt karakterregime som vil gje lærarane lægre arbeidsbyrde.

Det er bra at departementet og statsråden har gjort endringar som er i tråd med vedteken språkpolitikk, samstundes som dei kjem lærarane i møte på at norskfaget over tid har vorte for omfattande.

 

For meir informasjon: Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16

Bilete av Marit Aakre Tennø: http://www.nm.no/styre.cfm?path=10199

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no