Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

200-årsdagen for Ivar Aasen

 (01.07.2013)

Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Denne dagen vil me gjerne markere og feire. 

Den 5. august er det framleis sommar i Noreg. Mange lokallag ikkje har høve til å lage noka lokal markering. For dei lokallaga som har høve til å markere dagen, er det viktig å få til eit opplegg som er kjekt å lage til. 

Frist
Me har laga noko me har kalla ei “bursdagspakke”. Denne pakka kan lokallag eller andre tinge. For å vere sikre på at de får pakka før sjølve dagen, er frist for å tinge pakke: 26. juli 2013. Send tinginga til: krambua@nm.no

 

Bursdagspakke
Denne pakka inneheld nokre effektar og flygeblad som kan vere nyttige når ein skal feire Ivar Aasen:

- flygeblad - eit enkelt og fint flygeblad om Ivar Aasen 200 år
- ballongar med Ivar Aasen 200 år-merke
- jakkemerke
- Norsk Tidend
 

Lokalt opplegg
Det er fint å få til ein sommarstand eller liknande, og det kan vere nok til at avisene og media vil lage eit oppslag om oss og Ivar Aasen. Hugs dette er midt på sommaren, og det er framleis slik at pressa gjerne vil ha noko å skrive om eller snakke om.

Eit enkelt opplegg kan vere at lokallaga anten bakar kake, kjøper pinneis, kjeks, saft og kaffi og deler det ut på stand. Lokale lag kan ha kakestand ved badeplassar, ferjekaia, campingplassar, i gågata, ved kjøpesenter, i parken eller kvar de meiner ein kan treffe folk ein sommarsdag i august. De kan sjølve velje kor lenge de vil stå på stand, anten det er 1 1⁄2 time eller ein heil ettermiddag. Kanskje de kjenner nokon som kan kome innom standen og underhalde med musikk eller song, så vert det ei ekstra kjekk stund.

Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no