Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

200-årsdag for Ivar Aasen

 (03.08.2013)

Måndag 5. august er det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Dette er ein dag for feiring! 

Me feirer ein intellektuell kjempe som ruver i moderne europeisk historie og er ein av dei mest sentrale nasjonale strategane i Noreg.

Noregs Mållag ved Marit Aakre Tennø vil vere til stades i Aasentunet gjennom dagen. Der vil også Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum vil leggje fram ei felleserklæring for nynorsk i framtida.

På måndag vil Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, opne dagen med utdelinga av flygeblad klokka 0800 på ferja Volda-Folkestad.

På måndag er det fleire lokallag over heile landet som vil feire dagen med utdeling av kake, saft og ballongar. I Volda hadde Volda Mållag stands på laurdag med ballongar, flygeblad og sveler.

Noregs Mållag og Norsk Målungdom har teke i bruk heile året for å feire Ivar Aasen. Allereie i januar opna Nynorskstafetten i Hovdebygda i Ørsta og den vil rulle vidare frå 19. august til 19. oktober og avsluttar i Bygland på Agder. 

For meir informasjon:
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 45 47 17 16 (m)
Hege Lothe, informasjonskonsulent i Noregs Mållag, 926 48 348 (m)
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no