Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. JANUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Felleserklæring til 200-årsdagen for Ivar Aasen:

Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

 (05.08.2013)

– Den nynorsken Ivar Aasen skapte, er blitt eit nasjonalspråk. Som eit mindre brukt språk treng nynorsken å bli løfta politisk, og det må vere eit mål for språkpolitikken at fleire skal halde på og velje å skrive nynorsk, seier leiar Marit Aakre Tennø i Noregs Mållag. 

Ho er svært glad for at Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum til 200-årsdagen for Ivar Aasen legg fram ei erklæring i 21 punkt om nynorskpolitikk for det 21. hundreåret. 

– Nynorsk er eit meir robust skriftspråk enn nokon gong, og den språklege toleransen i Noreg er større enn før. Det er eit godt utgangspunkt for å utvide bruksområdet for nynorsk, seier styreleiar Reidar Sandal i Nynorsk kultursentrum. – Ivar Aasen tenkte store tankar og la grunnlaget for at Noreg blei eit språkpolitisk moderne land. 200-årsdagen hans bør brukast til å løfte blikket og vise ein framtidsretta språkpolitikk, seier Sandal. 

– Språkpolitikken må sjå lenger enn til språket
– Nynorsken treng sterke nynorskområde, men han treng òg vern i dei områda der han er sett under press. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og som er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt, seier Tennø.

Leiaren i Noregs Mållag meiner det bør vere eit mål for den offentlege språkpolitikken at han gir fleire nynorskbrukarar og får fleire til å bli verande nynorskbrukarar. Det gjeld å styrkje dei nynorske kjerneområda, seier Marit Aakre Tennø.

– Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
I erklæringa legg Noregs Mållag og Nynorsk kultursentrum også vekt på at prinsippet nynorsk må brukast konsekvent. Etter stortingsdrøftinga av språkmeldinga i 2009 er det offisiell politikk å følgje prinsippet nynorsk. Det inneber at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor.
– Dette føreset administrative system i offentleg forvaltning som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt, og at det blir enklare å bruke nynorsk i det offentlege, seier Reidar Sandal.

Kulturjubileum med politikk
I 1996 blei det markert at det var 100 år sidan Ivar Aasen døydde. – Det jubileet blei til for å gi nynorskbrukarane nye impulsar. No bruker vi 200-årsjubileet til å gi dei politiske miljøa nye impulsar og vise verdien av nynorsk, seier Reidar Sandal. 

21 punkt om norsk språkpolitikk
(Les heile felleserklæring til 200-årsdagen for Ivar Aasen her) 

§ 1 Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst
§ 2 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk
§ 3 Ta vare på rikdomen språkleg mangfald
§ 4 Språk og demokrati skal framleis vere to sider av same sak
§ 5 Auk verdien av nynorsk
§ 6 Bruk prinsippet nynorsk konsekvent
§ 7 Gi Noreg fleire nynorskbrukarar
§ 8 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov
§ 9 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk
§ 10 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar
§ 11 Styrk dei sterke nynorskområda
§ 12 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken
§ 13 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling
§ 14 Bruk nynorsk i tenking og forsking
§ 15 Større breidd i nynorsk dikting og sakprosa
§ 16 Meir nynorsk i tv, radio og presse
§ 17 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde
§ 18 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett
§ 19 Del den norske røynsla med andre
§ 20 La Språkåret 2013 vere året som aldri sluttar
§ 21 Dialog med mange land og kulturar


Meir informasjon
Leiar Marit Aakre Tennø, Noregs Mållag, tlf. 454 71 716
Styreleiar Reidar Sandal, Nynorsk kultursentrum, tlf. 916 28 387 (på reise i USA)
Kommunikasjonsrådgivar Laila Walseth Lid, tlf. 70 04 75 82 eller 958 70 569
 

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no