Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa
Nynorskpolitikk for det 21. hundreåret

Felleserklæring til 200-årsdagen for Ivar Aasen

 (05.08.2013)

Ei erklæring i 21 punkt til 200-årsdagen for Ivar Aasen.

§ 1 Nynorsk, sjølvsagt, når som helst og kor som helst. Vi vil eit samfunn der det er sjølvsagt å vere og bli verande nynorskbrukar, og der nynorsk kan brukast i alle situasjonar i skule, arbeidsliv og fritid. Som andre språk verda rundt treng nynorsk skriftkultur også i framtida målretta, offentlege tiltak som gjer språkleg valfridom reell.

§ 2 Hald oppe Noreg som ein stat med to jamstilte norske språk. Ivar Aasens liv og verk la grunnlaget for at Stortinget i 1885 jamstilte dei to språka som i dag heiter nynorsk og bokmål. Det gjorde Noreg til eit språk- og kulturpolitisk moderne land. Som ein av dei første formelt fleirspråklege statane i verda bør Noreg bli verande ein slik stat for all framtid, men med reell jamstilling. Vi ønskjer at nasjonalspråka nynorsk og bokmål skal bli verande to gjensidig forståelege og samfunnsberande språk for folk i Noreg.

§ 3 Ta vare på rikdomen språkleg mangfald. Mangfald er ein måte å tenkje på. Vi ønskjer at Noreg skal ta vare på den rikdomen det er å leve i eit samfunn med to norske skriftspråk og mange talemål, tre samiske urfolksspråk, fleire historiske minoritetsspråk og mange nye innvandrarspråk. Den som kan fleire språk, får fleire tankar i hovudet og kan lettare forstå mangfald og variasjon i det norske samfunnet. Gjennom nynorsk held vi oppe presset for talemålsnært skriftspråk og respekten for språkleg mangfald. Det språkmedvitet nynorsk held oppe i samfunnet, er også ein fordel for bokmål i møtet med aukande press frå engelsk i ikt, underhaldning, næringsliv og vitskap.

§ 4 Språk og demokrati skal framleis vere to sider av same sak. Å vere språkleg trygg er ein demokratisk styrke og gjer det lettare for allmenta å delta i den offentlege samtalen. Den nynorske grunntanken om kort avstand mellom tale og skrift inneber at språk kan demokratisere samfunn. Kjernen i eit konstitusjonelt, sterkt demokrati er legitime avgjerder og at fleirtalet sikrar rettane til mindretalet. Sidan 1892 har innbyggjarane gjennom rådgivande folkerøystingar og lokale styresmakter gjennom vedtak forma Noreg som eit samfunn med ein språkdelt norsk kultur. Dette har gjort språkpolitikk til ei sak for folk flest og noko som fleire eig i enn i mange land. Denne lokale språkpolitikken fører vi vidare.

§ 5 Auk verdien av nynorsk. Noreg har sidan 1885 investert store summar i nynorsk og sidan 1907 endå større summar i bokmål. Det har resultert i to skriftkulturar som er blant dei mest robuste i verda. Dei investeringane ønskjer vi å ta vare på og utvikle vidare. Som alle andre språk er også nynorsk meir enn eit språk, og nynorsk har vore med og skapt eit mangfaldig Noreg. Nynorsk er fleirtalsspråket både for born og vaksne i fleire fylke og regionar. Vi ønskjer ein språkpolitikk som ser lenger enn til det språklege og er ein del av ein samla politikk for å styrkje regionar og distrikt.

§ 6 Bruk prinsippet nynorsk konsekvent. Etter stortingsdrøftinga av språkmeldinga i 2009 er det offisiell politikk å følgje prinsippet nynorsk. Prinsippet inneber at nynorsk alltid skal reknast med og vurderast der språk blir tematisert eller brukt, og at det blir grunngitt i dei tilfella ein meiner nynorsk ikkje er ein relevant faktor. Dette føreset administrative system i offentleg forvaltning som sikrar at nynorsk blir vurdert eksplisitt og at det blir enklare å bruke nynorsk i det offentlege.

§ 7 Gi Noreg fleire nynorskbrukarar. Mange må skrive eit språk for at endå fleire skal lese det. et bør vere eit mål at den offentlege språkpolitikken gir fleire nynorskbrukarar og få fleire til å bli verande nynorskbrukarar. Nynorskbrukarane må ha like stor valfridom til å bruke sitt språk som bokmålsbrukarar har. Det trengst ein nynorsk tiltakspakke, mykje større og øyremerkte nynorsktiltak, og mange fleire tiltak i dei nynorske kjerneområda.

§ 8 Driv språkvern i praksis gjennom ei ny og utvida språklov. Stortinget, fylkesting og kommunestyre må fremje ei systematisk styrking av nynorsk skriftkultur. Mållova har verka, og den auka bruken av nynorsk i offentleg forvaltning har vore med og auka den språklege toleransen. Offentleg forvaltning veks, og vi ønskjer ei ny og utvida språklov. Denne må sikre dei formelle rettane for nynorskbrukarane på alle område i samfunnet og gi dei rett til å bruke sitt språk, og gjelde for fleire statlege og halvstatlege selskap enn no.

§ 9 Gi born og unge meir nærkontakt med nynorsk. Born med nynorskbakgrunn skal få den språklege sjølvkjensla dei treng og fortener, så dei kan bli trygge brukarar av sitt eige språk. Meir nynorsk i kvardagen gjer det lettare for dei å lære språket sitt. Barnehagen har svært mykje å seie for språkopplæringa. Alt i barnehagen må borna få eit positivt møte med nynorsk i skrift og dialekt i tale, og få høve til å bli godt kjende med det språklege mangfaldet i lokalsamfunnet. Vi vil styrkje tilbodet på nynorsk til born i form av lesestoff, barne-tv frå allmennkringkastarane, digitale tenester og Den kulturelle skulesekken.

§ 10 Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar. Å møte nynorsk gir innvandrarar eit breiare bilete av det å leve i Noreg i det 21. hundreåret, gjer det mogleg for etniske og innvandra nordmenn å forstå kvarandre betre og forstå meir av det landet vi bur i. Norsk kulturarv utan nynorsk er ikkje lenger tenkjeleg. Nynorskkommunar, barnehagane og skulane i desse kommunane må difor gi sine nye innbyggjarar frå andre land opplæring i nynorsk og slik føre dei inn i den lokale språklege fellesskapen. Vaksne innvandrarar mål gjennom opplæringslova få lovfesta rett til nynorske læremiddel og opplæring på nynorsk.

§ 11 Styrk dei sterke nynorskområda. Nynorskbrukarane bur over heile landet. Utviklinga i dei nynorske kjerneområda legg grunnlaget for nynorsk som landsgyldig og jamstilt språk om femti år. Som eit nasjonalt, offisielt språk må nynorsk vere svært mykje brukt i fleire delar av landet. Vi prioriterer å styrkje nynorsk i dei områda der nynorsk alt er mykje brukt, og dei områda der bruken av nynorsk er under særleg press.

§ 12 Utvid den lokale offentlege språkpolitikken. Som viktige språkprodusentar og språkbrukarar må kommunar og fylkeskommunar ta med språkleg jamstilling i sine offentlege innkjøp. I ei ny og utvida språklov bør også språknøytrale kommunar påleggjast å bruke begge språka. Ved eventuelle kommunesamanslåingar må prinsippet nynorsk brukast for å sikre at også den språkpolitiske sida av saka blir vurdert.

§ 13 Hald oppe skulen som arena for språkleg jamstilling. Skulen er den samfunnsinstitusjonen som har mest å seie for utviklinga av ein skriftkultur og for rekruttering av nye språkbrukarar. Vi vil fremje ein betre opplæringspolitikk som heng nøye saman med ein samla språk- og kulturpolitikk, og som for begge skriftspråka er basert på skriftlegheit og vurdering. Å kunne norsk vil seie å kunne lese og skrive både nynorsk og bokmål. Vi ønskjer at det å kunne begge dei to norske skriftspråka skal vere ein styrke og ein kunnskap som samfunnet premierer. Dette føreset at læremiddel og anna materiale som blir brukt pedagogisk i skulen, ligg føre på nynorsk og bokmål til same tid og pris.

§ 14 Bruk nynorsk i tenking og forsking. Som norske samfunnsinstitusjonar har universitet og høgskular eit sjølvstendig språkpolitisk ansvar for å stimulere til meir bruk av nynorsk og generelt fremje bruken av bokmål og nynorsk. Noregs forskingsråd bør kvart tiår ha definerte forskingsprogram for både didaktisk og tverrfagleg forsking om norsk språk, medrekna nynorsk språktileigning og -opplæring. Det vitskaplege verket Norsk Ordbok for nynorsk og norske dialektar må haldast ved like fagleg oppdatert hundreåret gjennom.

§ 15 Større breidd i nynorsk dikting og sakprosa. Som språk for kunst er nynorsk avhengig av bruksspråket nynorsk. Litteratur – dikting så vel som sakprosa – er ein hjørnestein i alle skriftkulturar, og bøker for born og unge er særleg viktige. Ved å styrkje innkjøpsordningane for skjønnlitteratur og halde oppe den auka toleransen for nynorsk også i diktekunsten vil vi føre vidare den sterke rekrutteringa av skjønnlitterære forfattarar på nynorsk. Vi vil utvikle tiltak som også resulterer i meir sakprosa.

§ 16 Meir nynorsk i tv, radio og presse. NRK og radio- og tv-stasjonar med offentleg konsesjon må oppfylle minstekrav til språkleg jamstilling mellom bokmål og nynorsk. For program til born og unge vil vi ha særlege reglar som sikrar betre jamstilling. Den nynorskbrukande delen av pressa har vore svært viktig for utbreiinga av nynorsk. Vi ønskjer ei pressestøtte som sikrar gode og føreseielege rammevilkår for aviser som bruker nynorsk.

§ 17 Gjer digitale tenester på nynorsk sjølvsagde. Nynorsk skal finnast i vanleg bruk der folk er i kvardagen, også i digitale tenester og tilbod. Vi ventar at offentleg forvaltning bruker marknadsmakta til å sikre at allmenn programvare og mykje brukt digitale fagprogram blir utvikla på både nynorsk og bokmål til same tid og same pris. Det gjeld å auke bruken av nynorsk i redigerte, digitale tenester for utdanning, forvaltning, arbeid og fritid. Alle statlege digitale tenester skal liggje føre i fullgode versjonar på nynorsk og bokmål. Nettaviser og nettstader for medieføretak med offentleg konsesjon, må oppfylle minstekrav til språkleg jamstilling mellom bokmål og nynorsk.

§ 18 Meir nynorsk i fritidsindustri, underhaldning og idrett. Fritida vil truleg auke for nordmenn, og meir bruk av nynorsk i fritida får difor mykje å seie for utviklinga av nynorsk som eit samfunnsberande språk. Vi vil stimulere til bruk av både nynorsk og bokmål ved alle større internasjonale idrettsarrangement i Noreg, og til at begge landsnamna blir brukte på drakter ved deltaking i utlandet.

§ 19 Del den norske røynsla med andre. Nordmenn er meir interesserte i språkspørsmål enn dei fleste. Gjennom språkstrid og andre motsetnader utvikla nordmenn på 1900-talet ein tradisjon for å dempe eller løyse kulturelle konfliktar utan bruk av vald. Denne norske røynsla er verdifull i dagens internasjonale samfunn og noko vi ønskjer å formidle til andre samfunn og statar.

§ 20 La Språkåret 2013 vere året som aldri sluttar. Etter eit års feiring av det fleirspråklege Noreg ved 200-årsjubileet for Ivar Aasen bruker vi tiåra som følgjer til å utvide bruksområdet for nynorsk. Heile tida skal vi vere på høgd med den språkfaglege tenkinga i samtida og følgje ein moderne argumentasjon for verdien av nynorsk som vi vil utvikle i samspel med mange og ulike miljø i inn- og utland.

§ 21 Dialog med mange land og kulturar. Nynorsk skriftkultur treng sterke, riksdekkjande institusjonar som aktivt og utoverretta fremjar språkleg toleranse og dialog med mange land og kulturar. Vi vil fremje nynorsk identitet og sjølvtillit og styrkje respekten for rettane også til nynorskbrukarane. Saman med andre nynorskinstitusjonar vil Nynorsk kultursentrum og Noregs Mållag bruke kunnskap om språk og samfunn i fortid og samtid til å endre framtida slik at fleire blir og blir verande nynorskbrukarar.


Ivar Aasen-tunet, måndag 5. august 2013

Marit Aakre Tennø (s)   Reidar Sandal (s)
leiar Noregs Mållag   styreleiar Nynorsk kultursentrum

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no