Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fleire nye medlemer

 (09.08.2013)

Sunnmøre Mållag på stand i Ulsteinvik

I høve 200-årsdagen til Ivar Aasen og dagane etter har vi fått 25 nye medlemer. Ei flott markering av dagen. Om det er andre som også tenkjer at tida er inne for å melde seg inn i Noregs Mållag, send sms med NYNORSK til 2490. Det kostar berre 200 kroner fyrste året.

Det er også mogleg å melde seg inn via meld-deg-inn-sidene.

Til no i år er det svært mange som har betalt medlemspengar. Dersom vi tek med forventa innbetaling frå lokallag med lokal innkreving er det pr. i dag om lag 11 450 medlemer som har betalt.

Dette er eit veldig godt medlemstal. Vi er langt over medlemstalet for 2011, og sjølv om vi samanliknar med rekordåret i 2012 der vi enda med 12 256 betalande medlemer er dette eit veldig godt tal.

Det er både svært oppløftande og viktig at det stadig kjem til nye medlemer i mållaget.  

Ynskjer du eller lokallaget ditt å vere med å verve medlemer til Noregs Mållag? Sjå innom Krambua og ting gratis vervemateriell.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no