Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Debattmøte i Bergen

 (12.08.2013)

Måndag 19. august er det duka for ein av dei store nynorskdebattane i valkampen. Då møtes dei politiske partia til debatt i Bergen. Dette blir ein spennande debatt, og det er veldig bra om mange møter opp. Både for å høyre på og å stille eigne spørsmål. 

Språkpolitikk er viktig. I valkampane er det likevel slik at dette spørsmålet ikkje er eit debattemne som ikkje når høgt opp på dagsordenen i nasjonale media. Då er det ekstra viktig at mållaga i Hordaland lagar ein debatt der partia må leggje fram eigen målpolitikk knytt til sidemålsordninga og måljamstellinga, og drøfte den.

Det er venta at dette vert ein spennande debatt der fleire sentrale stortingsrepresentar og stortingskandidatar frå Hordaland stiller til debatt. I tillegg vert det tre innleiingar for å sparke i gang debatten.

Få med deg denne debatten! 

*** *** ***

Måndag 19.august kl. 19.00 er alle velkomne til ope debattmøte.
Møtestad: Auditoriet, Bryggens Museum i Bergen

Innleiarar:
Direktør i Språkrådet Arnfinn Muruvik Vonen: Sidemålsordninga sett i lys av offisiell norsk språkpolitikk.

Ordførar på Stord Liv Kari Eskeland (H): Sidemålssaka frå synsstaden til ein nynorskkommune.

Leiar i Noregs Mållag Marit Aakre Tennø: Sidemålssaka i eit mangfalds- og jamstellingsperspektiv.

I panelet:
Stortingsrepresentant Magne Rommetveit (AP)
Stortingsrepresentant Gjermund Hagesæter (FrP)
Ordførar og stortingskandidat Ove Trellevik (H)
Ordførar og stortingskandidat Astrid Aarhus Byrknes (Krf)
Stortingskandidat Einar Horvei (SV)
Stortingsrepresentant Kjersti Toppe (SP)
Stortingskandidat Terje Breivik (V)

Ordstyrar: Informasjonsrådgjevar i Fjell kommune Vigleik Brekke

Ordskifte etter innleiingane.

Vel møtt!

Odda Mållag, Ullensvang Mållag, Voss Mållag, Hordaland Mållag og Noregs Lærarmållag

 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no