Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Målblome til Hødd

 (20.08.2013)

Under Trebaatfestivalen i Ulsteinvik laurdag fekk Hødd Sunnmøre Mållag sin målblome.
-  Hødd har vore og er ein føregangsklubb både sportsleg og språkleg. Klubben bruker konsekvent nynorsk. Nynorsken er ein del av klubben sin identitet. I tillegg er det høg kvalitet på språket. Det er berre å sjå på nettsidene, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag. 

- Ideen om å gi Hødd denne påskjøninga fekk me under eit styremøte. Dei siste åra har me halde dei fleste styremøta i klubbhuset på Høddvoll. Då me ei tid etter at Hødd vart cupmeister i fjor, komtil eit møte der, fekk me oss ei positiv overrasking. På golvet rett innanfor inngangsdøra låg – og ligg framleis - ei stor matte med teksten «Noregsmeister 2012». Det vitnar om språkleg medvit og tryggleik om eigen identitet. Du merkar det når du kjem til Høddvoll, at dette er ein spesiell klubb. Det sit ei eiga stemning i veggene. Alt er fint i orden, og du ser at medlemmene er stolte av klubben sin. Også her er Hødd eit føredøme.

Føredøme
- Alle klubbane på Sunnmøre bør bruke nynorsk. Det skuldar dei medlemmene sine, spesielt dei unge. Dei treng språklege førebilete også når det handlar om idrett. Det er heller ikkje urimeleg å vente at Aafk slepper nynorsken til. Aafk vil gjerne vere heile Sunnmøre sin klubb, og dei fleste fotballinteresserte sunnmøringane har nynorsk som sitt hovudmål. Sunnmøre Fotballkrets må også bli mykje flinkare å bruke nynorsk.

- Kjem de til å følgje opp dette utspelet?
- Du får vere nøgd med eit kort svar etter første omgang. Ballen er ikkje lagd død, og ein fotballkamp har meir enn ein omgang.

Bileta: frå venstre: styreleiar Terje Kjøde, styremedlem Iselin Nevstad Øvrelid, mediesjef Lars-Petter Rønnestad og styremedlem Kristian Fuglseth.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no