Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Enklare å få ekstra pengar til språkdelte klasser

 (29.08.2013)

Kommunalminister Liv Signe Navarsete vil gjere det enklare å få pengar til å starte nynorskklasser i bokmålsområde – og omvendt. 

I dag ligg det i lovverket at Fylkesmannen kan gje skjønsmidlar til språkdelte klasser. Dette er viktig for kommunar som har ekstra utgifter med klassedeling på grunn av at dei må opprette klasser både for nynorskelevane og bokmålselevane.

Kommunal- og regionaldepartementet vil derfor gjere det lettare å språkdele klasser ved å understreke i regelverket at slike kommunar skal ha rett på ekstra økonomisk støtte frå fylkesmannen.

– Vi har løfta fram lovverket og gitt signal om at dette skal prioriterast, seier kommunal- og regionalminister Liv Signe Navarsete til LNK-nytt.

– Dette er svært gledeleg. Noregs Mållag har lenge arbeidd for at det må bli lettare for foreldrene å krevje språkdelte klasser og lettare for kommuane å tilby det. Det nye grepet frå departementet har vi god tru på vil hjelpe. I fleire språkdelte område i landet er det nynorske parallellklasser, og dei vert ofte møtt med motargument om at dei tek pengar frå det ordinære skulebudsjettet, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no