Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ikkje ein gong valfritt sidemål, Høgre?

 (02.09.2013)

Under vestlandsdebatten hjå NRK Hordaland 28. august gjer Erna Solberg det klårt at den nye formuleringa om sidemålsordninga i Høgre sitt program berre er nye ord på gamal politikk.

I Høgre sitt programvedtak står det: "Bruke tekster både på bokmål og nynorsk i norskfaget gjennom hele skoleløpet. Avvikle ordninga med egen karakter og eksamen i sidemål i ungdomsskolen og den videregående skole".

Den sterke nynorskopposisjonen i Høgre har lenge håpa at vedtaket tyder at det framleis skal drivast skriftleg sidemålsundervisning, berre utan karakter. Under vestlandsdebatten fekk både dei og målrørsla eit klårt svar frå Erna Solberg. Ho vil ikkje ha skriftleg sidemålsundervising, fordi Høgre meiner elevane ikkje lenger treng å kunna skriva både bokmål og nynorsk.

Tidlegare har Høgre argumentert med at elevane sjølv bør får velja fritt om dei vil læra å skriva sidemålet eller ikkje. No gjer partileiaren det klårt at Høgre vil ta frå dei dette valet.

For Noregs Mållag er det viktig at elevane lærar best mogeleg og mest mogeleg norsk. Eit norskfag utan nynorsk vil vere eit halvt norskfag. I dag gjer obligatorisk sidemålsundervisning det mogeleg å nytta nynorsk kvar som helst og når som helst, samstundes som ho sikrar dei språklege rettane til nynorskbrukarane og meir nynorsk i ålmenta.

Marit Aakre Tennø
Leiar i Noregs Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no