Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 23. FEBRUAR 2018 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Landsmøtet i Vinje Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

200-årsdagen for Ivar Aasen

 (01.09.2013)

Måndag 5. august var det 200 år sidan Ivar Aasen vart fødd. Meir enn tjue lokallag frå alle delar av landet tinga materiell for å markere 5. august. Leiar Marit Aakre Tennø stod saman med Volda Mållag og delte ut ballongar og flygeblad på ferjekaiane i Volda og Folkestad. I Ørsta spanderte mållaget kake på kafé.

Jens Haugan i Hamar dialekt- og mållag markerte dagen med å leggje ut ein song han har skrive om Ivar Aasen. I Fredrikstad var det språkleik og ordskifte ved gangbrua, der folk kunne leike seg med orda frå ”Nordmannen”. Dette var eit opplegg i samarbeid med Språkåret, og same klossane kunne ein finne i Bodø, Trondheim, Ålesund, Ørsta, Bergen, Stavanger, Kristiansand og i Oslo. 

I Oslo var det også blomenedlegging på grava til Aasen. Initiativtakar Håvard Tangen hadde invitert folk frå Det Norske Teatret, Norsk Ordbok og Det Norske Samlaget til å seie nokre ord. Mellom andre framførte Svein Erik Brodal kjende og kjære dikt av Ivar Aasen.

Tidlegare på dagen hadde Språkåret ei anna markering der direktør i Språkrådet, Arnfinn Muruvik Vonen heldt tale. Prosjektleiar i Språkåret Inger Johanne Sæterbakk og barnebokredaktør i Det Norske Samlaget Ragnfrid Trohaug, vitja ein barnehage i Ivar Aasens vei, til stor begeistring for store og små. Klokka 12:00 var det duka til stor fest på Deichmanske hovedbibliotek, med bursdagskake verdig ein 200-årsjubilant, saft og kaffi, blomar og ballongar! Audun Lysbakken heldt opningstalen. Språkåret la også ut musikkfilmen «Dei gamle fjelli» laga av regissør Mikal Hovland. 

Også i USA var det ei markering. Det er éin statue av Ivar Aasen utanfor Noregs grenser, og det er i Moorhead, Minnesota, USA. Statuen vart avduka av Anders Hovden og Hulda Garborg i 1913, hundre år etter Aasens fødsel, og står på universitetsområdet til Concordia College i Moorhead.

5. august samla medlemane av the Fargo Sons of Norway, Kringen Lodge, seg til ei minnemarkering av 200-årsdagen til Ivar Aasen. Det var kransenedlegging og tale av visepresidenten i Kringen Lodge – Daniel Haglund  og prest John Andreason. Deretter var det allsong og hyllest til Ivar Aasen av om lag 50 glade norskamerikanarar.
 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2018
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no