Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. JULI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

For enkelt frå FrP

 (02.09.2013)

– Det er trist at politikarar i fullt alvor kan få seg til å hevda at sidemålsundervisninga i skulen gjer at ungdomar vert kriminelle, seier Marit Tennø, leiar i Noregs Mållag.
Hege Jensen, andrekandidat på FrP si stortingsvalliste i Hedmark har til avisa Østlendingen hevda at "nynorsk fører til kriminalitet".

Utsegna har fått mange til å trekkje på smilebandet, men bak den utsegna ligg dei eit resonnement som er så lettvint at det slett ikkje er moro. Bakgrunnen er at Jensen har "snakket med flere ungdommer med innvandringsbakgrunn om dette". Desse ungdomane er frustrerte av di dei "må lære bokmål og nynorsk" i skulen. Denne frustrasjonen kan føra til at dei sluttar på skulen og "Det ene fører til det andre" og "nynorsk kan føre til kriminalitet".

– For det fyrste er det slik at fråfallet på vidaregåande skule for det meste skjer på yrkesretta utdanning, ei utdanning som ikkje driv sidemålsopplæring, seier Marit Tennø.

– For det andre er det slik at svært, svært mange elevane med det Jensen kallar "innvandringsbakgrunn" alt for ofte har fritak frå sidemål. For det tredje finst det ingen dokumentasjon i det heile frå noka som helst gransking om at det er sidemålsopplæringa som gjer elevane som sluttar på vidaregåande skule "frustrerte".

Noregs Mållag vert jamt kontakta av norske skuleelevar med utanlandske foreldre som fortel det stikk motsette av det Jensen hevdar. Av di dei har ikkje-kvit hudfarge og har foreldre med eit anna morsmål enn norsk, vert desse elevane definerte som "minoritetsspråklege". Og får dermed fritak frå sidemål. Dette trass i at dei har budd i Noreg heile livet og snakkar kav norsk. Sanninga er jo at elevane slett ikkje er minoritetsspråklege. 

– Dei er ofte fleirspråklege. Dei meistrar norsk og dei snakkar ofte eitt eller fleire språk i tillegg. Ein svært god eigenskap, seier Marit Tennø.

– I eit integreringsperspektiv er det slett ikkje noko i vegen med bakgrunnen til desse elevane med "innvandringsbakgrunn", derimot er det eit stort politisk problem i eit integreringsperspektiv at staten og kommunen bortdefinerer desse elevane ut av det norske ved å gje dei stempelet "minoritetsspråklege". Dei er slett ikkje minoritetsspråklege, dei er fleirspråklege og det er ein eigenskap stat og kommunar burde verdsett mykje høgare, seier Marit Tennø.

For meir informasjon:
Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag, 47 45 17 16

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no