Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 25. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kommunesamanslåing på tvers av språk

 (03.09.2013)

Sjå til Finland!, har vore omkvedet i valkampen. Ikkje berre skal ein sjå til den finske skulepolitikken, men ein skal òg sjå korleis finnane sidan 2005 har slege saman 416 kommunar til 314 og framleis held på. Sjå gjerne til Finland!

For sjå kor dei vernar om den språklege statusen til dei to nasjonalspråka sine, finsk og svensk. Etter den finske kommuneinndelingslova heiter det at dersom kommunesamanslåinga trugar den språklege statusen til eitt av språka i alvorleg grad, så kan ein forkasta samanslåinga. Eit døme på det vil vera om ein slår saman ein svenskspråkleg kommune med ein større finskspråkleg, slik at den svenskspråklege delen av folket vert eit svært lite mindretal. Då svekkjer ein den svenskspråklege delen av folket si stilling så kraftig at ein etter lova vil kunne seia at føresetnadene for ei kommunesamanslåing ikkje finst.

Vern om mindretalet sine språkrettar
For finnane veit kor viktig den offentlege språkpolitikken er for vern av språket og for vern av mindretalet sine språkrettar. Sjølv om mykje er ulikt mellom Noreg og Finland, har me i Noreg òg ulikt administrasjonsspråk i kommunane våre. Her har me nynorskkommunar, bokmålskommunar og språknøytrale kommunar. På toppen av dette har me det samiske forvaltingsområdet. For dei mindre brukte språka er det viktig å kunna vera ein majoritet. Slik nynorsken er i mange nynorskkommunar. Der nynorsken er mykje brukt, der veks han. Og der han er lite brukt, der er han under press. Til dømes ser me at der nynorskkommunar går over til å bli språknøytrale, der aukar bokmålsomfanget, og såleis òg presset på nynorsken. I den språknøytrale kommunen Sel til dømes, vil kommunestyret ha vekk dei to siste nynorskkrinsane og krev rådgjevande røysting på valdagen i år.

Samanslåing der nynorsken er under press
Legg ein rapporten som NRK har fått utarbeidd frå analyseselskapet NIVI til grunn, vil det verta mange fleire slike brysame nynorskkrinsar i Noreg. Eit av Noregs mest brukte analyseselskap innanfor kommunestruktur føreslår ei omfattande samanslåing. Om denne liknar noko på det samanslåingsivrige politikarar ser føre seg, så går nynorsken mange stader ei dyster framtid i møte.Svært mange av dei føreslegne nye kommunane er ei samanslåing av bokmålskommunar og nynorskkommunar, eller av språknøytrale kommunar og nynorskkommunar. Og nesten alle dei språkblanda samanslåingane finn stad i område der nynorsken er under press. I det me kallar randsonene for nynorsken. 

Nye mindretal
Kva skjer til dømes med nynorskkommunen Finnøy om han vert slegen saman med bokmålskommunen Stavanger og dei språknøytrale kommunane Sola, Randaberg, Rennesøy, Kvitsøy, Sandnes og Gjesdal?  Eller om nynorskkommunane Bokn, Vindafjord, Tysvær, Etne og Sveio vert slegne saman med bokmålskommunen Haugesund og dei språknøytrale Karmøy og Utsira. Då vil dei 29034 innbyggjarane som no har kunne demma opp frå bokmålspresset utanfrå, verta ein språkleg minoritet som må gje etter for presset frå 75751 bokmålsbrukar. Korleis skal det nye administrasjonsmålet avgjerast, korleis handsamar ein den nye røynda for dei som hamnar i mindretal?

Må drøfte språktiltak
Dette har ikkje vore på agendaen i det heile. I Noreg har ein heller ikkje dei same individuelle språkrettane som ein har i Finland. Kva skjer med den vesle nynorskkommunen Åseral med 906 innbyggjarar og berre nynorskklasser. Dei vil nok kunna finna litt støtte frå den språknøytrale kommunen Audnedal som berre har nynorskklasser, men dei vil framleis verta ein liten minoritet. For kva er 2593 innbyggjarar mot det store fleirtalet på 22.212 i Marnadal, Lindesnes og Mandal. Etter den finske kommuneinndelingslova vil ei samanslåing her kunna stoggast av språklege omsyn. Men finsk lov gjeld ikkje i Noreg, og ingen har heller sagt at språk i det heile er noko ein bør ta omsyn til i ei eventuell samanslåing.

Trass i at kommunane i Finland er pålagde å sjå særskild på dei språklege tilhøva ved samanslåing, synte ein rapport frå Justisministeriet i Finland i fjor at ein i for liten grad hadde teke omsyn til dei språklege grunnrettane ved kommunesamanslåing. 

Når ein likevel ikkje lukkast i Finland, trass i eit heilt anna regime for å tryggja språklege rettar, kan det vera verdt å starta debatten i Noreg no.

Marit Aakre Tennø, leiar i Norges Mållag
Relaterte filer:
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no