Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Kringkastingsprisen til Ingunn Solheim

 (26.09.2013)

 

Kringkastingsringen har gitt Kringkastingsprisen 2013 til politisk journalist i NRK Ingunn Solheim.

Ingunn Solheim er fødd i 1980 og kjem opphavleg frå Førde i Sogn og Fjordane. Ho har arbeidd fire år som politisk journalist i NRK og har også erfaring frå mellom anna Tv2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv.

I grunngjevinga seier juryen (styret i Kringkastingsringen) følgjande:

Ingunn Solheim er ein god representant for nynorsk i fjernsynet. Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerka seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK.

Prisvinnaren er ein dyktig journalist med solid fagkompetanse, og har dekt krevjande og mykje sette saker for NRK. Ho har vore inne som nyhendeopplesar på Dagsrevyen, også der med klår og overbevisande språkbruk. Ho brukte også nynorsk då ho tidlegare var tilsett i Tv2 Nyhetskanalen og i Kanal 24, og kan slik vise til konsekvent bruk av nynorsk over mange år. Det er ei ære å kunne gi Kringkastingsprisen for 2013 til Ingunn Solheim.

 

 - Utruleg kjekt!

Sjølv sa Solheim følgjande da prisen vart overrekt:

- Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb skal bruke språket til. Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg. Eg trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og  blir gjort eit målretta arbeid for å fram språket. Der er vi som nynorskbrukarar priviligerte.

Kringkastingsprisen blir kvart år delt ut til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no