Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Feirar Språkdagen med utstilling

 (26.09.2013)

(Foto: Nasjonalbiblioteket)

26. september er den Den europeiske språkdagen og i Språkåret 2013 opnar Nasjonalbiblioteket utstillinga Leve språket!

– Vi gler oss til å opne utstillinga Leve språket!, seier nasjonalbibliotekar Vigdis Moe Skarstein.

– Heile Språkåret 2013 har Nasjonalbiblioteket jobba med å dokumentere kva for språk som vert brukte i Noreg i dag, mellom anna gjennom konkurransen Språk i ditt liv. No ser vi fram til å vise dette språklege mangfaldet under utstillinga, seier nasjonalbibliotekaren. Leve språket! er den første utstillinga Nasjonalbiblioteket har laga som rettar seg spesielt mot barn og unge, noko som  prega utstillingsopninga.

- Ei referansegruppe med ungdomar frå Fyrstikkalleen skole har hjelpt Nasjonalbiblioteket i arbeidet med å planleggje utstillinga. Referansegruppa har vore til stor hjelp for oss, og det er difor spesielt hyggjeleg at det er desse ungdomane som opna utstillinga, seier Vigdis Moe Skarstein.

Utstillinga skal formidle språklege overraskingar og nye tankar om kva språk er og kan vere. Ho vil vise døme på språk i si fulle breidde – alt frå norsk, samisk, teiknspråk og urdu til talespråk, skriftspråk og kroppsspråk. Utstillinga vil òg seie litt om korleis språket har utvikla seg. Vinnarbidraga frå Nasjonalbibliotekets språkkonkurranse, der elevar i alle aldrar frå barneskule til vidaregåande dokumenterte dei ulike språka og dialektane dei møter i kvardagen, vert òg presenterte på utstillinga.

Den europeiske språkdagen er ei markering for å feire språka i Europa. Den vart oppretta i 2001 av Europarådet.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no