Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Nytt lokallag på Sunnmøre

 (01.10.2013)

Glade og nøgde møtedeltakarar på stiftingsmøte  for Sande Mållag torsdag 26. september. Bak frå venstre: Kristian Fuglseth (Sunnmøre Mållag), Reidun Auflem Vik, Kjartan Bleie, Einar Måseide (Hareid Mållag), Kjartan Oksavik, Kjell Ove Vasstrand, Veronika Bonaa, Inge Jonny Hide, Gunn Hauge, Brynhild Mykkeltveit, Oddhild Gjengedal, Kristin Våge, Camilla Auflem Vik. Sitjande framme: Synnøve Nystøyl, Anne-Lise Skoge Knotten, Anne Marte Tødenes, Sølvi Rovde Hagen, Sissel Vassbotn Longva og Aslak Storegjerde.

 

– Eg vart overvelda over kor lett og fort det gjekk, seier Terje Kjøde, leiar i Sunnmøre Mållag, og legg til at han har forklaringa. Nestleiar i Sunnmøre Mållag, Kristian Fuglseth, hadde gjort eit framifrå førearbeid, og sandssokningane er svært interesserte i språk og kultur. Heile 18 personar melde seg sporenstreks inn i laget, og styret var også på plass på ein, to tre.
– I tillegg til desse veit eg om fleire som kjem til å melde seg inn når dei vert spurde om det, legg Terje Kjøde til. 

Midt i feiringa med kaffi og fødselsdagskake tok Inge Jonny Hide frå Myklebust Verft i kommunen ordet og overraska det nyskipa laget med ei startgåve på 5000 kroner. Om dette kom overraskande, er det likevel ikkje tilfeldig. Myklebust verft høyrer nemleg heime i Kleven med senter i Ulsteinvik, og  dette konsernet bruker nynorsk overalt.

Sande kommune har 2600 innbyggjarar og ligg på Søre Sunnmøre. Landsbyen Larsnes er administrasjonssenter. Kommunen har eit rikt kulturliv og heimkommunen til mellom anna salmediktaren Bernt Støylen. 

Les meir om Sande Mållag i lokalavisa Vikebladet Vestposten

Her finn du kontaktinformasjon til Sande Mållag

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no