Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ny regjering utan nynorskavtale

 (01.10.2013)

Det er klårt at Noreg får ei ny regjering med Høgre og FrP. Saman med Venstre og KrF la dei måndag kveld fram ei forpliktande samarbeidsavtale mellom dei fire partia. I denne avtala står det ingenting om nynorsk korkje knytt til utdanning, kultur eller mållova.

Høgre og Frp skal no forhandle ferdig ei regjeringsplattform og danne ny regjering. 

– Det gjer oss urolege at dei to partia som har vedtaksfesta at dei vil gjere sidemål valfritt og endre mållova, no skal sitje åleine i regjering, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

– Likevel er det slik at den nye mindretalsregjeringa no må søkje stønad for sin politikk i Stortinget. Me forventar at partia på Stortinget både held eit vake blikk på den nye regjeringa og hugsar på lovnadene sine frå valkampen, seier Marit Aakre Tennø.

Ho er tydeleg på at Noregs Mållag vil vere påpasselege i sitt arbeid den neste fireårsperioden.

– Noregs Mållag skal i alle fall følgje regjeringa og Stortinget tett for å sjå til at nynorsken vert hegna om, seier Marit Aakre Tennø.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no