Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 28. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Ørsta er årets nynorskkommune

 (02.10.2013)

I dag kunngjorde statsråd Liv Signe Navarsete at Ørsta kommune er årets nynorskkommune. Ordførar i Ørsta Rune Hovde var sjølv i Oslo for å ta imot prisen. 

Det er Kommunal- og regionaldepartementet som deler ut prisen. Og kommunane vert sjølve oppmoda om å søkje. Ørsta får prisen for ei brei satsing for å fremje bruken av nynorsk.

– Kva passar vel betre enn at heimkommunen til Ivar Aasen får ein slik pris i det året der vi markerer at det er 200 år sidan målpioneren blei fødd, seier kommunal- og regionalminister Navarsete.

– Kommunen gjer eit systematisk arbeid for å styrkje nynorskbruken på ulike samfunnsområde, mellom anna gjennom eit aktivt samarbeid med media og næringslivet. Ørsta satsar både på opplæring av dei tilsette og oppfølging i det daglege arbeidet, heiter det mellom anna i grunngjevinga frå juryen.

– Eg håpar nynorskprisen kan bidra til å utvikle nynorsk som eit godt språk i offentleg forvaltning. Stadig fleire kommunar arbeider no med å gjere språket dei nyttar klarare. I det arbeidet er det viktig å hugse at god nynorsk også er klart språk, seier Navarsete.

Prisen er på 100.000 kroner og eit bilete av grafikaren Terje Risberg. Tidlegare vinnarkommunar er Stord, Seljord , Fjell og Sogn og Fjordane.

I juryen for nynorskprisen sitt:
Vidar Høviskeland, Landssamanslutninga for nynorskkommunar.
Nina Teigland, Språkrådet.
Gunn Berit Gjerde, fylkesvaraordførar (V) i Møre og Romsdal.
Rune Hetland, Landslaget for lokalaviser
Christine Hjortland, Kommunal- og regionaldepartementet
 

Les meir hjå Kommunal- og regionaldepartementet

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no