Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Jærsk på jærsk!

 (02.10.2013)

I dag gav Jærbladet ut eit eige magasin som heiter jærsk på jærsk. Heile magasinet skrive på nettopp jærsk. 

 Magasinet handlar om jærsk dialekt, og der kvart ord er skrive på jærsk.
– Me gjer dette "støntet" fordi Jærbladet vil markere Språkåret 2013, men mest for å ha det moro med dialekten, seier Hilde Garlid, redaktør i Jærbladet.

– Det er våre jærskaste av våre jærske journalistar som har forska i eiga dialekt.
Trine Selvikvåg og Hilde Eidsaa Bjorland har farta høgt og lågt, for, i god Ivar Aasen stil, samla inn sanninga om jærsk dialekt i dag, fortel Hilde Garlid.

På heimesidene til Jærbladet kan du lese fleire av dei artige tekstane på jærsk. Og ikkje minst er det lagt ut fleire lydprøver av det dei kallar dialektjakt. Her høyre du døme på korleis unge og eldre snakkar jærsk.

Kor jærske æ du?
Jærbladet har også nytta høve til å leggje ut ein eigen dialekttest der spørsmålet er: kor jærske æ du? Det er lagt ut heile femti ord, med framlegg til tre ulike måtar å seie eit ord på.

Det er fyrste gong Jærbladet skriv ei heil avis på dialekt skriv dei i leiarteigen. Ei solid markering av dei fem mila med jærsk dialekt som me vi finn på Jæren. 

Kåring av favorittord
Og dei har sjølvsagt også lagt ut ei kåring av kva er favorittordet på jærsk. Du kan vere med på kåring i Jærbladet

Dette er ei flott feiring av Ivar Aasen og Språkåret. Tidlegare i år har Fredrikstad Blad feira Språkåret med å gje ut si avis på Fredrikstad-dialekt, medan Bergens Tidende markerte bursdagen til Ivar Aasen med å gje ut avisa på nynorsk. 

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no