Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 26. MAI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Melsomprisen til Eide

 (11.10.2013)

(Foto: NRK)

Linda Eide fekk årets Melsompris for boka  Oppdrag mottro -  jakta på gamle dagar.

Prisen er på 40 000 og vert delt ut av Litteraturselskapet Det Norske Samlaget. I juryen sat Ola E. Bø, Hilde Sandvik og Brit Bildøen, som meinte at "boka (er) eit morosamt og opplysande tidsbilde, med eit vake blikk for sosiale nyansar." Prisen vart delt ut under opninga av Litteratursymposiet i Odda.

Melsomprisen er basert på  skipsreiar Ferd. Melsoms legat som vart stifta i 1922.Statuttane for Melsomprisen seier at prisen skal delast ut til ei bok som  «efter sitt innhold kan egne sig til folkelæsning og masseutbredelse». Tidlegare vinnarar av prisen er m.a. Frode Grytten, Maria Parr, Jon Fosse og Lars Amund Vaage.

Tidlegare i år fekk Eide Målprisen 2013 av Noregs Mållag. Onsdag 16. oktober vitjar ho Litteraturhuset i Oslo, mellom anna saman med Valkyrien Allstars.

Frå grunngjevinga til juryen:

"Melsomprisen går i år til ei bok som fell mellom fleire sjangrar. Eller som skaper ein ny sjanger: «telefonintervju med dine nærmaste». I fleire år tasta Linda Eide mor si for å få stoff til å fylle spalta si i Bergens Tidende. Innleiingsspørsmålet kunne vere: Du, når kom 8. mars eigentleg? Kva har Elvis betydd for deg? Var det vanleg med straumsjokk før?

Dette er ein original journalistisk vinkel som kastar lys over vår nære historie. ”Oppdrag Mottro er meir enn berre mimring om Gamle Dagar (...) Det handlar ikkje berre om Mottro. Det handlar om oss. Om korleis det norske samfunnet har utvikla seg, om store endringar som har skjedd på kort tid. Vår næraste fortid blir til gamle dagar før vi veit ordet av det. Og i farta blir mykje borte for oss. Når vi deltek i samtalane mellom Linda og mor hennar, får vi friska opp minna våre – av og til på uventa måtar og på uventa område. Som Linda Eide sjølv har sagt i eit intervju: I desse telefonsamtalane kom ikkje mora med gammalt nytt, men nytt om det gamle.

Gjennom denne boka veks det moderne Norge fram, ikkje berre som eit fedreland, men som eit moderland. ”Oppdrag Mottro” kan bidra til at vi sluttar å bruke uttrykket «manns minne». Og minner oss om at våre mødrer hadde eit liv før oss. Ja, at dei har hatt eit liv, ikkje minst eit tankeliv, som kan ha vore godt skjult for barna deira. Dette er «historia om mor» på ein ny og original måte. Samtidig byr boka på eit morosamt og opplysande tidsbilde, med eit vake blikk for sosiale nyansar."

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no