Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Glad for satsing på lettlesbøker

 (14.10.2013)

Noregs Mållag er glad for at Kulturdepartementet føreslår å auka tilskotet til Det Norske Samlaget med 750.000 kr for å styrkja utgjevinga av fleire lettlesbøker på nynorsk.

– Det er viktig at ungar i nynorskområde har tilgang på nok nynorsk litteratur i dei tidlege skuleåra når dei skal læra seg å lesa, seier Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

At nynorskelevane har tilgang til litteratur på eige språk, er viktig for å kunna utvikla gode ferdigheiter i nynorsk.

– Noregs Mållag har fleire gonger teke opp den nynorske barnelitteraturen og nynorske leselystprosjekt med Kulturdepartementet, og er glad for at budsjettframlegget no gjev rom for å auka utgjevingstakta, seier Tennø.

All språkopplæring må fylgjast opp med mengdetrening i lesing på eige språk for å gje elevane språklege føredøme som kan gjera dei til gode skrivarar. I dag er ikkje tilgangen den same på nynorsklitteratur som på bokmålslitteratur. Særleg nynorske lettlesbøker og faktabøker er ei mangelvare.

Med den største satsinga på kultur, er det gledeleg at det også er gjeve rom for basisutstillinga på Hauge-senteret. Ein samla vekst i kulturbudsjettet på over 8 % burde også ha gjeve rom for å løyva Norsk Ordbok pengane dei treng for å koma i mål til 2014, og likeins å få det svært vellukka ungdomstiltaket www.framtida.no inn i faste former på budsjettet, seier Tennø.

Noregs Mållag fekk ikkje uventa vidareført og indeksregulert driftsløyvinga frå 2013.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no