Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 19. NOVEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Mållaget meiner NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Teaterstykke om språkleg undertrykking

 (14.10.2013)

Eit teaterstykke som byggjer på Arne Garborg sin roman «Bondestudentar» og diktsyklusen «Haugtussa» er Bergen Mållag, Fana Mållag og Hordaland Mållag sitt bidrag til Språkåret 2013.

Stykket handlar om språkleg undertrykking før og i dag, har i år vore framført fleire stader i Hordaland, og er laga av litteraturformidlar og forteljar Liv Hatle, regissør Arvid Ones og scenograf Jan Holden. Det hausta mange lovord då det hadde premiere på Litteraturhuset i Bergen  26. april og då det vart synt på kulturhuset Oseana i Os 8.juni i år.

Undertittelen «Eit møte mellom bondestudentane Daniel Braut og Liv Hatle». Det varer vel ein time og er Bergen Mållag, Fana Mållag og Hordaland Mållag sitt bidrag til Språkåret 2013.

Framsyningane har til no skjedd i samarbeid med mållag og kommunar der stykket vert ført fram. Stykket er brennaktuelt i ei tid då språkleg undertrykking og utbreidd sosial og kulturell mindreverdskjensle er ein del av røyndomen her i landet; nynorskforbodet i dei største riksdekkande avisene er eit høveleg døme i så måte.

Noregs Mållag, Hordaland Mållag, lokale mållag og kommunar har stødd tiltaket økonomisk og på annan måte.

Her er speleplanen framover:

Åsane

Laurdag 26. oktober kl. 19.00

Øvre Eide Gård i Eidsvåg

 

Sotra

Måndag 28. oktober kl. 19.00

I Tremorkirken i Sartor Storsenter, møbelbygget- i etasjen over Lekeland, 

 

Fana

Torsdag 31. oktober kl. 19.00

Småsalen på Kulturhuset på Nesttun

 

Radøy

Fredag 1. november kl. 19.00

I kinosalen på kommunehuset i Manger

 

Les meir om framsyningane her.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no