Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 22. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Næringslivspris til Glashytta

 (21.10.2013)

Mållaga på Agder sin Nynorsk næringslivspris for 2013 gjekk til firmaet Glashytta ved Inger Tone Homme og Tor Birger Egge. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet.

Nynorsk næringslivspris for 2013 gjekk til firmaet Glashytta ved Inger Tone Homme (bilete) og Tor Birger Egge. Prisen er etablert av Mållaga på Agder for å stimulere til bruk av nynorsk i næringslivet. Det er sjette gongen Mållaga på Agder deler ut ein slik pris.

Glashytta har laga kvalitetsprodukt av glas i 13 år i hjarta av Setesdal, i Bygland sentrum. Heile tida har dei nytta nynorsk i alt skriftleg. Prisen er på 10.000 kroner pluss diplom med litografi laga av biletkunstnaren Olav Bjørgum.

Inger Tone Homme fekk på vegner av Glashytta overrekt prisen under den store festen i grendehuset på Ose laurdag kveld. Det var fylkesleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag, Astrid Myhre og Hilde Stave, som delte ut prisen. Dei roste firmaet for dei handblåste kvalitetsprodukta og den konsekvente nynorskbruken på alle nivå, ikkje minst i høve marknadsføring. Kvalitet og nynorsk høyrer saman, meiner juryen.

Glashytta er eit lite familiefirma der ekteparet gjer alt sjølv, frå formgjeving, glasblåsing og kundehandsaming til marknadsføring, gåveinnpakking og ymse administrativt arbeid. Ei omvising og forklåring av glasblåsarteknikkar gjer dei gjerne for grupper etter avtale, og dermed har Setesdal eit lite glaseventyr å syne turistar, skuleelevar og andre som er interesserte. Produkta deira held særs høg kvalitet, og er ei nydeleg bedriftsgåve å gje arbeidstakarane til jul. Kvart glas er unikt, ettersom det vert gjort på den opphavlege måten, dvs. at vinglas, bollar, fat, ljosestakar og vasar vert blåste utan maskinar eller former -  berre på augemål, slik det er gjort i mange hundreår.

-Nynorsk er viktig for meg, difor er eg ganske medviten når det gjeld å nytte nynorsk framfor bokmål, seier prisvinnaren, etter å ha kome seg noko etter overraskinga.

-Glashytta er igjen eit godt døme på at bedrifter på Agder gjer klokt i å vurdere om det å marknadsføre seg på nynorsk kan leggje ein positiv dimensjon til merkevara og kan vere med og teikne verksemda på ein tydelegare måte, seier fylkesleiarane.

Juryen for Nynorsk næringslivspris på Agder har i år vore leiarane og nestleiarane i Aust- og Vest-Agder Mållag (Astrid Myhre, Hilde Stave, Ålaug Rosseland og Åslaug Haugå) og Sigurd Haugsgjerd, Anne Tone Hageland og Jan Kløvstad.

Pressemelding
Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no