Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 21. SEPTEMBER 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Fest for Nynorskstafetten

 (22.10.2013)

Denne helga vart Nynorskstafetten avslutta med stor fest på Ose i Bygland. Nynorskstafetten starta 28. januar i år, og siste dag var i Bygland kommune i Setesdal.  

Bygland kommune var eit godt val for sluttpunkt for stafetten. Det var i denne kommunen dei fyrst tok i bruk nynorsk som skulemål og byrja svært tidleg med nynorsk administrasjonsspråk i kommunen. Og dessutan er Bygland Mållag nokre veldig gode festtilskiparar.

Gratis kake
Dagen byrja med stand i Bygland sentrum. Då feira vi med utdeling av gratis kake, kaffi og saft. I Bygland sentrum er det ikkje tjukt av folk ein laurdagsføremiddag, men kake frå Mållaget vart veldig godt motteke.

Seminar i Storstova
Seinare på dagen var det tid for seminar i Storstova på Ose. Dette seminaret var det Mållaga på Agder som stod for. Haustseminaret på Agder er ei årleg hending, og dette året var det besøksrekord med 42 deltakarar på seminaret. Sylfest Lomheim leia seminaret, medan Marit Aakre Tennø, Kjartan Helleve og Hege Lothe heldt innlegg. Emne for seminaret spende breitt frå dagens politiske situasjonen, nynorsk i næringslivet og nynorsk i det friviljuge organisasjonslivet.

Stor fest
Så klokka 18 var det klar for den store festen. Bygdehuset på Ose vart heilt fullt, og bortimot 200 kom til festen. Langt meir enn det Bygland Mållag hadde vågd å håpe på. Bygland Mållag hadde sett saman eit svært spennande, kjekt og innhaldsrikt program.

Det var helsing frå både Leif Rygg, ordførar i Bygland kommune, Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag og Gaute Øvereng, dagleg leiar i Aasentunet. Så var det songinnslag av elevane frå skulen, Svein Kleivane deklamerte, Anne Karin Kaasa song svært vakkert og Sylfest Lomheim framførde ein hyllest til nynorskmennesket.

Gruppa Sæbyggjan både dansa, spelte og song folkemusikk frå Setesdal. Og spelmann Tor Hoslemo imponerte ekstra.

Dette var ein fest for nynorsk i Bygland gjennom snart 125 år, og for Ivar Aasen som var i Bygland åtte gonger og for Nynorskstafetten som har vore på vegen gjennom ni månadar. Og flottare avsluttningsfest kunne Nynorskstafetten ikkje fått.

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no