Til framsida
SØK:
FRAMSIDA|MELD DEG INN|ADRESSEENDRING|KALENDER|KONTAKT| 24. JUNI 2017 Information in english


Nyhende Arkiv Meld deg inn! Haustseminar 2017 Mållaget meiner Val 2017 NyNorsk Språkdelt ungdomskule Kommunereforma Sidemål Nynorsk verksemd Organisasjon Lagsoversyn For lokallaga Norsk Tidend Målprisar Krambua Peikarar Norsk Målungdom Fakta om nynorsk For pressa

Redaktørpris til Magni Øvrebotten

 (29.10.2013)

Dagleg leiar for NRK Nynorsk mediesenter, Magni Øvrebotten (59), har fått Nynorsk redaktørpris 2013. Prisen vart tildelt for framifrå innsats for nynorsk som mediespråk. 

- Magni Øvrebotten er og har vore ei sterk kraft for nynorsk mediespråk i meir enn ein generasjon, seier leiar for Mediemållaget, Berit Rekve. Det er Mediemållaget som står bak utdelinga av Nynorsk redaktørpris. 

Med opprettinga av Nynorsk mediesenter i 2004, der ho har vore dagleg leiar sidan, har Øvrebotten gått føre i arbeidet for korleis ein kan utvikla nye talent til nynorskbrukande journalistar. Senteret er eit føregangstiltak som har danna modell for NRK FleRE i Oslo, som skal utdanna journalistar med fleirkulturell bakgrunn, og Nynorsk avissenter.

Les meir om grunngjevinga og prisvinnaren på nettsidene til Dei nynorske mediedagane og Mediemållaget

Bookmark and Share
HANDLEKORG
Handlekorga er tom.
© Noregs Mållag 2017
E-post vevmeister
Sidene laga av Zetta AS
Noregs Mållag
Lilletorget 1
0184 Oslo
Tlf: 2300 2930
E-post: nm@nm.no